KM og o-leir i Sogn

Postet av Førde IL den 30. Aug 2023

Sogndal IL Orientering håper å sjå mange løparar frå Sunnfjord i Sogn helga 9. og 10. september
Dei inviterer og skriv: 

 Hva med en tur til Sogn neste helg?! Vi kan tilby: 

-  raske løyper i sprintløypene i sentrum (lørdag 9. september)
-  våte lange myrer i Hodlekve (søndag 10. september).
- ungdomsamling og o- trolleir med overnatting i hytte med god standard! 

Innbydelser finner du her:
KM - sprint og lang: https://eventor.orientering.no/Documents/Event/37854/1/Innbydelse
o-trollleir: https://eventor.orientering.no/Documents/Evmed ent/38072/1/Innbydelse
ungdomssamling: https://eventor.orientering.no/Events/Show/18514

 -------------------- 

Førde IL Orienteringdeltok i fjor på Stafett for livet - Kreftforeningen sitt arrangement.
Det vart ein suksess, og vi har også meldt på lag i år. Det skjedde før årets terminliste for o-sesongen kom ut. Skulle det vere løparar som IKKJE reiser til Sogndal, så håper vi dei kan vere med på stafetten. Meld deg på her: https://pamelding.stafettforlivet.no/stafett/forde/




Nærløp og postinntaking

Postet av Førde IL den 28. Aug 2023

Frammøte: Gjesdalsdalen, Vassenden i Jølster, onsdag 30.8. kl.18.00 v DM arena (sjå bilde nederst). Bomveg kr 50,-. 

Det blir tilbod om å springe N og C løypa frå DM mellom (søndagsløpet).
I staden for AKort og ALang løype blir det dugnad der vi satsar på hente inn dei 74 postane som står ute i terrenget.

Påmelding og registrerig ved frammøte. 
Dugnadsløparar får utlevert kart med postar som den enkelte skal hente inn. 
Anders Fagerstrøm Slåtten, Bjørn Olav Øvrebø, Torodd Os og Kjell Arne Hjellbrekke har alt meldt seg på dugnaden.  Fint om fleire kan komme.  Under eksempel på kart som dugnadsløparane får.





Siste løp i Førde-drakt

Postet av Førde IL den 27. Aug 2023

Anja Hole tok ein ny siger i DM i Gjesdalsdalen søndag 27. august. Dette var siste løpet for henne i Førde-drakt for denne gang. Frå måndag spring ho for Halden, og når NM går av stabelen neste veke/helg, så representerer ho Østfold-klubben. - Eg har valgt å gje orientering ein sjanse for eitt år, og då vert det flytting til austlandet og satsing i Halden, fortel ho. Anja avslutta med stil, med to DM-titlar denne helga. I tillegg til Anja hadde Førde fleire andre DM-vinnarar på søndag. Håkon Grønli vann klasse H17-18, Brita Eilertsen Grønli klasse D80, Torodd Os H70 og Andreas Haug H40.  

Fullstendig resultatliste i Eventor. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

I tillegg takkar vi følgjande firma for gåvepremiar i samband med DM:
Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Dale Rør AS, Apotek 1 Førde, Montér Førde, Intersport Førde, Specsavers Førde,  Power Sunnfjord, Spar Førde, Coop Extra Førde


Nokre av deltakarane i dei yngre klassane. 








Tre DM-meistrar frå Førde

Postet av Førde IL den 26. Aug 2023

DM i orientering i Gjesdalsdalen på Jølster. Vi er ferdige med første dag. Førde IL Orientering fekk tre vestlandsmeistrar laurdag. Anja Hole vann klasse D19-20,Torodd Os klasse H70, og Brita Eilertsen Grønli klasse D80. Vi nemner også desse gode plasseringane frå Førde-løparar: Gaute Osvoll nr. 4 i klasse H13-14, Håkon Grønli nr. 2 i klasse H17-18, Andreas Haug nr. 3 i klasse H21-, Torbjøn Holsen nr. 2 i klasse H40, Sidan løpet var på Jølster er det kjekt å trekke fram at Kjell Øygard hadde best tid i løypa B-Åpen 17-. Fullstendig resultatliste med strekktider og livelox-oppdateringar finn du her. 

Søndag 27. august er vi klare for dag 2. Ordinær start frå kl 11.00, medan opne løyper har moglegheit til start frå kl 10.00. 

Bildet viser samlingsplass - og var tatt rett før løparane kom. Med løparar og funksjonærar var vi kring 180 personar i Gjesdalsdalen laurdag. 

Bildet under viser Nybyrjarløype 2 som skal brukast søndag 27. august. 





Resultat KM mellom 19.8.

Postet av Førde IL den 23. Aug 2023

KM i orientering mellomdistanse vart arrangert i Naustdal 19. august, med Tambarskjelvar IL som arrangør. KM-vinnarar frå Førde; Anja Hole, D19; Brita Eilertsen Grønli, D80; Gaute Osvoll  H13-14; Håkon Grønli H19-; Gunnar Gytri, H60; Kurt Grønli H70. Vi gratulerer! 

Resultatliste: 

D11-12
Vena Fristad, Askvoll 17,45
Olea Fristad, Askvoll 20,46
Brita Svarstad Heggdal, Markane 30,16
Ann Kristin Kusslid, Førde 94,03

D13-14;
Olina Svarstad Heggdal, Markane 26,42

D19:
Anja Hole Førde 43,38

D40:
Anne Marie Svarstad, Markane 38,15
Ann Therese Kusslid, Førde 58,53

D50:
Sølvi Karin Nyberg Bergset, Veten 77,16

D80:
Brita Eilertsen Grønli, Førde 69,11

H13-14:
Gaute Osvoll, Førde 25,57
Morris Sægrov Asheim, Førde 97,38

H19:
Håkon Grønli, Førde 41,27
Lars-lvar Årseth, Nydalen 45,37
Torbjørn Os, Førde 45,46
Ingar Hals, Sogndal 47,50

H50:
Anders Bergset, Veten 44,35
Kjell Ove Bergset, Veten 48,51

H60:
Gunnar Gytri, Førde 39,29
Jan Herstad, Tambarskjelvar 51,59
Harald Hjellbrekke, Førde 58,17
Johan Magerøy, Førde 60,59

H70:
Kurt Grønli, Førde 58,53
Torodd Os, Førde 65,55
Atle Støyva, Breimsbygda 101,46

H80:
Sveinung Fristad, Askvoll 40,29

N-løype:
Arya Stubhaug Tjørhom, Førde
Maximillian Stubhaug Tjørhom, Førde

A-kort open:
Anders Os Mallasvik, Førde 30,42
Olav Herstad, Tambarskjelvar 45,20
Knut Ivar Osvoll, Førde 50,23

 




Resultat Langeland 23.8.

Postet av Førde IL den 23. Aug 2023

Etter ein regntung dag, med regntunge myrar, skein sola opp. Over 50 løparar på start på Langeland skisenter onsdag 23. august. Løypevinnarar: C kvinner Ann Kristin Kusslid, C menn Anders Mallasvik, A-kort kvinner Gørill Fristad, A-kort menn Gaute Osvoll, A-lang menn Håkon Grønli.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Nærløp Langeland 23.8

Postet av Førde IL den 21. Aug 2023

Klart for o-løp onsdag 23. august på Langeland skisenter. Oppmøte ved skihytta.
Løypelengder:  A-lang: 5,1 km,  A-kort: 3,6 km,  C-løypa: 2,4 km,  N-løypa: 1,7 km. 

Påmelding gjer du enklast her:  Velkomen til alle. 

Obs! Sjå opp for rulleskiløparar i full fart!

Framleis mogeleg å melde seg på DM i orientering i Gjesdalsdalen laurdag 26. og søndag 27. august.. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





DM, ungdomsleir og o-troll

Postet av Førde IL den 18. Aug 2023

Helga 26.-27. august arrangerer Førde IL Orientering Distriktsmeisterskap på det nye kartet i Gjesdalsdalen på Vassenden i Jølster. Kartet er det Gunnar Gytri som har teikna, og bildet over er det han som har tatt i samband med utlegging av postar til arrangementet. 

Her er løyper for alle om ein vil stille i konkurranseklasse eller om ein vil stille i åpne klasser med fristart. Det er fortsatt mulig å melde seg på så eg legg ved lenker til påmeldinga, så de er bare eit klikk fra å melde dåkke på. Legg og ved invitasjonen så de kan sjå litt kva dette går ut på. Går fint å kombinere funksjonærjobb med å springe. 

Påmelding DM Langdistanse

Påmelding DM Mellomdistanse

Ungdomssamlinga er for 13-25 år og starter fredag ettermiddag og varer til søndag. 25-27/8. Her blir det overnatting på Vassenden i hytter, med ulike aktiviteter, sosialt og felles måltid.

NB! det er ikkje så mange plasser igjen så vær snar å meld på! Legg ved link til påmelding og invitasjon til samlinga. Fint om vi får ein god gjeng med ungdommar fra Førde med på samlinga. 

Påmelding Ungdomssamling

Det blir og O-Trolleir for 8-12 år på Vassenden fra laurdag til søndag. 26-27/8. Her blir det leik og moro, felles måltid og overnatting. Ein flott muligheit for å bli kjent med andre som liker å halde på med orientering. Legg ved link til påmelding og invitasjonen, så de kan sjå litt meir om kva som skal skje. Håper vi ser mange barn, gjerne med foreldre, på leir på Vassenden.

Påmelding O-Trolleir

Påmeldingsfrist leirane er søndag 20. august.
Påmeldingsfrist løp er onsdag 23. august. 




64 på løp i Sundsdalen

Postet av Førde IL den 16. Aug 2023

Flott frammøte på nærløpet i Sundsdalen 16. august. 64 løparar på start. Løypevinnarar vart A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Elisabeth Kusslid, A-kort menn Iver Aarseth, C kvinner Vena Frislid, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert på Langeland onsdag 23. august. Påmelding her

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-helg i Naustdal

Postet av Førde IL den 15. Aug 2023

Førstkomande helg er det to orienteringsløp i Naustdal.
Laurdag 19. august er det KM mellom start kl 16.00. Frammøte Åsedalen, merka frå Naustdalstunnelen (4 km).
Søndag 20. august er det den tradisjonsrike Haustbløyta med start kl 12.00. Frammøte Helgås, merka frå brua i Naustdal sentrum. 

Kart begge dagar; Helgåsmarka. Nyrevidert kart, og dei fleste løypene er inn om område som ikkje har vore brukt til orientering på mange år.   

Oppfordrar løparar frå Førde å ta den korte turen til Naustdal desse dagane. Viktig at Førde IL Orientering støttar opp om og deltar på løp i nærområdet!
Ordinær påmeldingsfrist er onsdag 16.8 kl 23.59.  Meir informasjon og påmelding her. 

Fine vermeldingar er det og :) 





O-løp Sundsdalen 16.8.

Postet av Førde IL den 13. Aug 2023

Nærløp i Orientering i Sundsdalen onsdag 16. august frå kl 18.00. Oppmøtestad 4H-plassen/lysløypa, p-avgift.  Løyper: A lang 4,4 km, A kort 2,8 km, C løype 1,3 km og N-løype 1,1 km (bilde). Påmelding gjer du helst på Eventor, men det er også mogeleg å melde seg ved oppmøte. Velkomen til alle! - 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri






O-løp Kråkenesmarka 9.8 - resultat

Postet av Førde IL den 3. Aug 2023

32 løparar på start i Kråkenesmarka onsdag 9.8. Ein regnfull kveld, men når ein først er komt i gang merker ein ikkje regnet :) Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Andreas Haug, A-kort kvinner Gunnhild Daling Korsøen, A-kort menn Gunnar Gytri, C menn Idar Øye. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.  

Neste nærløp vert onsdag 16. august i Sundsdalen. Påmelding gjer du her. 

Minner og om KM mellom  laurdag 19. august og Haustbløyta søndag 20. august. Begge løpa går i Naustdal. Innbyding og påmelding finn du her. 

-------------------------------------------------------------- 

Då startar vi opp haustsesongen med nytt nærløp i Kråkenesmarka onsdag 9. august. Start frå kl. 18:00 frå Skyttartun på skytebana. Som vanleg har vi løyper som passar for alle: Enkel N løype på 1,4 km, lett C løype på 2,1 km, og to krevande løyper AK på 2.5 km og AL på 4,2 km.

Påmelding gjer du på Eventor. Det er også høve for å melde seg på ved start. Velkomen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri