Sølv til Gjøran i U-23 NM!

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Feb 2017

I helga har det vore arrangert Norgescup og U-23 NM på Nannestad. Laurdag gjekk løparane sprint klassisk, og søndag stod 30 km friteknikk på programmet. Frå Førde deltok Gjøran Tefre, Oddne Håvardstun Munkvold, Roger Øye Pollen og Torstein Bu.

På søndagens tremil gjekk Førdeløparane i selskap med fleire løparar som er aktuelle til VM-femmila i Lahti neste helg, og det var såleis eit sterkt felt. Gjøran hamna her på ein sterk 7.-plass totalt, og altså med sølv i klassen U-23, der distansen også tel som NM. Gratulerer!

Alle resultata til Førdeløparar ser de nedanfor, og fullstendige resultatlister finn de her: http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory....


SprintSprint U2330 km30 km U23
Gjøran Tefre13572
Oddne Håvardstun Munkvold1198213386
Roger Øye Pollen113774829
Torstein Bu44254223

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.