Fornya samarbeidsavtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane
Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mar 2017

Bilete: Nøgde representantar for Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL langrenn. F.v. Aleksander Dvergsdal, Arne Helgheim, Bjørn Krisitan Sunde og Irene Kjøsnes Bu
I dag vart ny hovudsponsoravtale mellom Førde IL langrenn og Sparebanken Sogn og Fjordane signert.
Kontrakten varer i tre år – frå 2017 og ut 2019.
For Førde IL langrenn er hovudsponsoravtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane viktig – i forhold til å kunne oppretthalde gjeldande aktivitetstilbod.
Partane er gjensidig fornøgd med at ein ny langsiktig samarbeidsavtale er inngått.
Førde IL langrenn oppmodar våre medlemmar til å nytte seg av Sparebanken Sogn og Fjordane sine tenester innan bank, forsikring og eigedomsmekling.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Langrenn
Langrennstrening Førde Langrenn 2025/2026
25.09.2025
Årsmelding - sesongen 2024/25
20.03.2025
BLI MED PÅ SPLEIS MED FØRDE IL LANGRENN
28.01.2025
Karusellrenn 2 - Klassisk: Løypebeskrivelse
21.01.2025