Julelauget 2019

Postet av Førde IL - Symjing den 8. Des 2019

Det tradisjonsrike Julelauget i Volda vart i år flytta til Ålesund grunna stenginga av bassenget i Volda. Førde stilte med ni symjarar i Ålesund, og dei gjorde sakene sine veldig bra. 

På bildet fv: Petrikke Monsen, Mathias Holme, Sturla Myrhol, William Wergeland, Bendik Håland, Henrik Stubhaug, Theodor Monsen, Gabriel Amble, Oliver Øksland.

Petrikke Monsen (07) var einaste jenta med til Ålesund. Ho symde ni øvelsar Det enda med fire nye persar, hvorav 100 butterfly hadde ho ein forbedring på heile 23 sekund.

Mathias Holme (08) symde også ni øvelsar. Han forbedra seg på seks av øvelsane. På 100 bryst så symde Mathias under to minutt for første gang. Ny tid er 1:55:85. Her forbedra han seg med ca sju sekund. På 100 fri, så sjokkerer Mathias alle med å symje inn på sterke 1:14:73. Han perser med ca ni sekund og får fine 217 poeng, som også kvalifiserer til B-gruppe krav i klubben. 

Sturla Myrhol (08) Symde fem øvelsar. Han forbedrer seg på to øvelsar og får godkjent tid på 200 medley for første gang. No mangler han berre tid på 100 butterfly for å være kvalifisert til LÅMØ.

William Wergeland (07) symde sju øvelsar. Han setter fem nye personlige rekorder. På 100 bryst så symde William under to minutt for første gang. Ny tid er 1:55:62. Her forbedra han seg med ca seks sekund. 

Bendik Håland (08) Symde åtte øvelsar. Han forbedrer seg på seks øvelsar. Bendik får også godkjent tid på 200 bryst, og er med det klar for LÅMØ 2020 i Førde.

Henrik Stubhaug (03) symde åtte øvelsar. Han setter tre nye perser. Han syme den raskaste 100 bryst uansett årsklasse, og klokker inn på 1:11:52 som er berre 0.7 bak pers. På 50 bryst, så er han igjen den raskaste, og får tida 32:03. På 200 bryst, så setter Henrik en liten pers, og viser at han er i god bryst form.

Theodor Monsen (09) symde heile 11 øvelsar. Han forbedrer seg på heile åtte øvelser. På 100 bryst, så symde Theodor under to minutt for første gang. Ny tid er 1:58:24. Her forbedra han seg med ca fem sekund. Theodor kommer også under 4 minutt for første gang på 200 medley, og klokker inn på 3:56:19.Perser med 12 sekund på denne. På 200 rygg forbedrer Theodor seg med ca 12 sekund. Han får godkjent tid på 100 butterfly for første gang.

Gabriel Amble (09) Symde også han, 11 øvelsar. Han setter fem personlige rekorder, og på 400 fri, så forbedrer Gabriel seg med ca 20 sekund. I tilleg får Gabriel godkjent tid på 200 medley, 200 bryst, 100 fri og 100 butterfly for første gang. 

Oliver Øksland (04) symde ni øvelsar. Han får til ein bra 200 medley og setter en liten pers på denne. Ellers syme Oliver tett på sine egne perser gjennom heile stemnet.

Publikummet fra Førde tok også seieren på tribuna. Dei var klart best i å lage lyd og heie på symjarane. Det er alltid stas når publikum er med å lage stemning, og symjarane får eit ekstra gir når dei stuper uti vatnet. 

No er det berre nokre treninger og avsluttning igjen for klubben før vi tar fatt på det nye året. Eit nytt år med mange spennande utfordringer. Klubben skal arrangere LÅMØ 2020 i mars, i tilleg til dei vanlege stemna vi har. Det vert oppstart med ein leir i Årdal første helga i Januar, også kjem stemna tett i tett utover vinter og vår. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.