Nærløp i Movika 14. april - med resultat
Postet av Førde Idrettslag den 6. Apr 2021
40 deltakarar på nærløpet onsdag 14. april. Her finn du resultata: Resultatliste
Ventetida er over! Onsdag 14. april kl. 18.00 startar nærløpssesongen for Førde IL - Orientering ved Sunnfjord museum i Movika.
Det er i skrivande stund litt snø i terrenget, men vi reknar med at den skal forsvinne slik at det skal gå greitt å arrangere løpet.
Som vanleg har nærløpa løyper som passar for alle:
- N-løype for nybegynnarar på 1,1 km
- C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget - 1,8 km
- A-lang (3,3 km) og A-kort (2,4 km) for dei vidarekommande.
Grunna korona-restriksjonar oppmodar vi flest mogeleg til å melde seg på i Eventor (trykk linken).
Turorientering: Representantar frå turorientering vil vere til stades. Dei har klart 4 ulike "grøne løyper", dvs. enkle løyper med gode ledelinjer. Område i år er: Slåtten, Vieåsen, Mo jordbruksskule og Halbrend. Dei vil dele ut gratis kart til desse løypene. Frå tidleg mai er det mål om å ha klart andre løyper i turorienteringa. Kjem tilbake med meir info når det er klart.
O-skulen: Hugs også o-skulen for aldersgruppa 8-12 år, som startar denne kvelden kl 17.15. Påmelding her: O-skulen 2021

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Flott oppmøte på Soleide
16.04.2026
O-skulen for nybyrjarar
15.04.2026
Rotekoppen søndag 26. april
15.04.2026
Nærløp Soleide 15. april
13.04.2026
70 løparar på første nærløpet
08.04.2026
TURORIENTERING
07.04.2026