Mange unge på Langeland
Postet av Førde Idrettslag den 24. aug 2022

53 løparar stilte til start på nærløpet på Langeland onsdag 24. august. Veldig gledeleg var det å sjå mange unge løparar i løypene, og på bildet er nokre av dei samla etter målgang. Løypevinnarar vart: Håkon Grønli, A-lang menn; Anja Sægrov, A-kort kvinner; Knut Folkestad, A-kort menn; Anders Mallasvik, C-løype menn; Sissel Karin Hals, C-løype kvinner. Arrangøren vil gje ros for at dei aller fleste hadde førehandspåmeldt seg på Eventor. Det lettar arbeidet med å arrangere, så hald fram med det :) Her finn du fullstendig resultatliste og strekktider.
Minner om kretsløpet "Rotekoppen" på Utvikfjellet førstkomande laurdag kl 15.00. Påmelding her.
Neste nærløp vert onsdag 31. august kl 18.00 på Flatene skule. Påmelding her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest - #bildeler førde
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Nærløp Eikås 26. august
24.08.2026
KM-helg i Sunnfjord 22-23. aug.
18.08.2026
Nærløp Støfringsdal 19.8.
16.08.2026
Førde rundt
14.08.2026
STAFETTE FOR LIVET
11.08.2026
O-løp Jølster august
09.08.2026