Bli med på Sognefjellet Sommarskiskule 2024

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Mai 2024

Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til den supre og sosiale 

Sognefjellet Sommarskiskule 24.-28. juni 2024! 


Sommarskiskulen går over fem dagar, 24.-28. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden. Samlinga er ei svært god sosial hending som samlar skiglade barn og unge fra heile regionen. Det blir mykje leik og aktivitet på snø, og kanskje du ser landslaget der oppe også??

Sommarskiskulen er for aldersgruppa 11-16 år (født f.o.m. 2013-2008).

Det blir lagt opp til skiøkter ved Sognefjellet Sommarskisenter tre av dagane i lag med kvalifiserte trenarar, og elles anna kjekk aktivitet og trening i Skjolden. 


SJÅ PÅ NETTSIDA FOR DETALJERT INFORMASJON OG LENKE TIL PÅMELDING!

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/sognefjellet-sommarskiskule/

Påmeldingsfrist 2. juni.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.