Frivillige Førde Rundt 20. september
Postet av Førde Idrettslag den 1. Jul 2025
Vestland bedriftsidrettskrins arrangerer laurdag 20. september for første gong Førde rundt! Dette er eit breiddearrangement i Førde sentrum, og målet er å få 1000 engasjerte personar til å springe eller gå i løypa i sentrum.
"Vi gjer klar for samhald og aktivitetsglede i 2025! Vi er inspirert av Energistafetten i Stavanger, New York Marathon og den gode stemninga i Tour de France. Gateløpet er eit folkearrangement for både løparar og publikum. Du kan springe aleine eller saman med vener og familie. Om du ikkje skal springe treng vi deg til å lage fantastisk stemning langs løypa!
Med innsats, samhald og glede skal vi lage ein sikkeleg kjekk og sprek dag i sentrum!"
Bedriftsidretten treng frivillige til å vere med på arrangementsdagen. Det er mange ulike oppgåver som skal dekkast. Det vil bli betalt tilbake dugnadspenger til dei gruppene som er med, så her kan du sikre o-gruppa litt ekstra pengar i klubbkassa. Har du høve til å vere med laurdag 20. september, meld deg på via linken: Frivillig
Meir informasjon om løpet finn du på denne nettsida: Førde rundt
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

O-løp 25. juni Djupedalen
22.06.2025

Frivillig under Førde Rundt
05.06.2025

Trening 26.5. og nærløp 28.5.
25.05.2025

Omtale på NOF sine sider
23.05.2025

Stor o-aktivitet neste dagane
18.05.2025