Nattorientering Sundsdalen - onsdag 19. september kl 19.30 med resultat.
Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018
Hausten er jo full av høgdepunkt, men for orienteringsløparar er nok natt-O-løpa det største!
Terminlista har åtte løp på onsdagane utover hausten. Nøyaktig tidspunkt for start vil bli gjort kjent på heimesida og Facebook nokre dagar før løpa. O-nattløp Masdalen 19.09.18.pdf
Onsdag 19. september vert det start frå kl 19.30.
Staden er Naturmøteplassen og lysløypeanlegget i Sundsdalen. Løypeleggjar Helge kan melde om flott terreng, relativt flate og fine trasèar. A-løypene er på omtrent 3,5 og 2,4 km. C-løypa på ca 1,3 km.
På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund... Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.
Som regel vert det satt opp tre løyper: A-lang, A-kort og C-løype.
Hugs å møte opp med skjerpa blikk, eit godt kompass og fullada hovudlykter!
Ein liten inspirasjonsvideo til slutt (ekstern link): Nattorientering i Holmenkollen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering
Rekordstor deltaking
17.04.2024
Nærløp Vieåsen 17.4.
15.04.2024
TURORIENTERING
11.04.2024
Nærløpstart 10.4 i Movika
08.04.2024
Ny i orientering?
02.04.2024
Alle 10 turane i TurO er på plass
26.03.2024