Treng leiarar til nytt aktivitetstilbod

Postet av Førde IL den 19. Jun 2023

Førde IL Orientering ønsker frå hausten 2023 å starte opp eit nytt tilbod. Vi skal legge betre til rette for at unge i alderen 8-12 år som ønsker å ha aktivitet ute med leik og moro skal få eit gratis aktivitetstilbod. Stad vil vere Hafstadparken i Førde. Vi har søkt og fått tildelt offentleg tilskot for å gjennomføre dette.  

Det skal vere eit lågterskeltilbod med mest leik og moro – og kanskje litt innslag av orienteringssporten på nokre av kveldane.   Vi har ikkje spikra alle detaljane men ser for oss ein kveld i veka. Det som så langt er diskutert er kvar måndag frå skulestart i haust og i første omgang kring 10 gonger i haust. Tidspunkt kl 18.00 – 19.30. Ca ein time aktivitet, etterfulgt av kveldsmat inne på FIL-huset.

Tilbodet skal vere gratis (også kveldsmat) for dei som ønsker å vere med!

Ansvarleg for «MorO»
Førde IL orientering ønsker ein person som kan ta på seg det praktiske rundt dette. Vere ansvarleg for at vi har folk nok, lage rutinar for dette, kontakte dei rette instansar, økonomi etc. Klubben tenker å betale honorar for å få dette «opp og gå» i haust. Er dette noko du kan tenke deg? Meld di interesse til Knut Even Hole, knuteh@gmail.com, tlf 902 01 994, innan 31. juli. Styret vel kven som vert ansvarleg. Honorar etter avtale. 

Aktivitør/instruktør:
 I tillegg har vi mål om å rekruttere ungdommar frå 16 år og oppover som aktivitørar/instruktørar. Arbeidsoppgåver: Førebu kvelden, ta imot borna, registrere dei, kontakt med forelder, aktivitet ute i Hafstadparken, hjelpe til med kveldsmat.
 Opplæring vil bli gitt. Her kan ein lese meir om korleis dette kan gjerast.
http://www.orientering.no/media/filer_public/7e/90/7e907ecb-7aa4-48a0-ad57-c07f43937385/rekr_folder_2016.pdf

Som aktivitør/instruktør er det ein fordel om ein kan litt om kart og orientering, men det er ikkje  noko krav. Det viktigaste er at du likar å ha det moro ute saman med born i denne alderen.
Er du interessert, eller veit om andre som kan passe, ta kontakt med Knut Even Hole, knuteh@gmail.com, tlf 902 01 994.  Honorar pr time for dei som er aktivtør/instruktør.

Påmelding: Vi kjem attende med på detaljar for korleis ein kan melde på deltakarar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.