Velfortent juleferie for Førde J11

Postet av Førde IL - Handball den 20. Des 2022

Det har vore ein veldig god haust/vinter for Førde sitt jenter 11-lag.
 Ivrige jenter, både på trening og kamp, har levert og prestert godt heilt sidan vi starta sesongen.
 
 Laurdag blei årets to siste kampar spelt, i Eikefjord. Då dommaren bles i fløyta og kampen var i gang, så var trøkket med ein gang. Jentene jobbar og jobbar, står godt bakover, køyrer på framover. Når foreldra på tribuna i tillegg lagar god lyd, ja, då blir det bra.
 
 Opplevinga i Eikefjord blei som det har vore gjennom hausten/vinteren, ei god oppleving.
Video: Frode Hovland.


 Måndag var det siste trening, og då inviterte trenarane foreldra til å bli med. Vi var kanskje litt seint ute med å invitere, meldinga var sendt ut søndag kl. 20.00, og treninga var måndag kl. 17.00. Det var tydeleg ikkje for seint, for her møtte 16 foreldre opp klare til å spele kamp mot jentene. Det foreldra ikkje visste var at det ikkje berre vart kamp, vi må jo ha god oppvarming. Så her vart det fleire øvelsar og litt styrketrening for å få kroppen god og varm. Innsatsen var det ingenting å seie på, vi måtte minne dei på at dette var oppvarming, det er kamp etterpå.
 
 Foreldra fekk eit innblikk i og forklart litt kva jentene trenar på, og vi hadde litt konkurransar der vi såg at jentene viste foreldra korleis det skulle gjerast.
 
 Til slutt vart det kamp, og her var det mykje smil og latter, innsats og mål (begge vegar).
 
 Det vart ei kjekk trening der det såg ut som om foreldra hadde hatt ei hard treningsøkt og jentene ei lett treningsøkt.
 
 Når ein har 20 ivrige jenter og god foreldregruppe, då blir det bra. Då blir det kjekt med handball.
 
 Ønskjer alle ei god jul.
 
 Helsing trenarane
 Bernt Ove og Monica



J13 vann thriller mot Stryn

Postet av Førde IL - Handball den 17. Des 2022

J13 spelte laurdag kamp mot Stryn i Førdehuset. Dette blei ein jamn og tett kamp heilt til kampslutt. Ved pause var stillinga 7-7. Laga fylgde kvarandre i heile andre omgang også. Då det gjensto tre minuttar av kampen var stillinga 13-13. Førde fekk då to raske skåringar, og stod bra i forsvar og hindra fleire baklengsmål. 

Så etter ein kamp prega av tette duellar, ein del slurvefeil og få mål blei det seier til Førde. Så etter ein «slite»-seier blir det no godt med ein liten juleferie. Men både jentene, trenaren, hjelpetrenarane, oppmann og heiagjengen er klare for mykje meir handballmoro etter nyttår. Vi gler oss alt!

Tekst og foto: Kristian Henden.



Fjerde strake siger til herrelaget

Postet av Førde IL - Handball den 17. Des 2022

Førde-Nore Neset 34-23 (17-10): Førde tok tilbake serieleiinga og sikra seg sin fjerde strake siger i heimedebuten i 5. divisjon. Og som i dei tre første kampane vart det veldig klar siger. Etter sjumålsleiing ved pause var det liten tvil om kvar poenga skulle hamne.

Førde opna kampen med god tenning, men dabba av etter kvart utover i første omgang. Kampen bar i store periodar preg av enkeltmannsprestasjoner, med eit glimt av supert lagspel frå begge lag i ny og ne. Førde gjekk til pause med en komfortabel 17-10 leiing. 

I pausen var det konkurranse der Spenst treningssenter Førde var så hyggelige å sponse premie! I pausen bestemte karane seg for å starte kampen med eit smell, og syte for å lage god underhaldning for det fantastiske publikummet som møtte opp. Dei første sju minutta vann Førde 4-1 og auka leiinga til 21-11. 

Robin Marvik Gjesdal og Øyvind Fougli Vraalsen med sponsorgåva frå Spenst.

Etter dette varierte det kva lag som scora på sjansane sine. Ein oppkvikkar for publikummet sin del var kombinasjonen frå Ole Kristian som spela opp Thomas til ein nydeleg flygar. Det mest positive i andre omgang er definitivt når herrelaget hadde tre 16-åringar på bana, nemleg Matheus, Jakob og Steffen! Dei lokale unggutta klarte seg kjempebra, og bidrog til to gode poeng for herrelaget! 

Vi ynskjer å takke alle som møtte opp og heia oss fram, for det er noko vi set utruleg stor pris på! Vi må også takke Sissel Bruland Gurvin som stilte sporty opp i sekretariatet og sytte for at Live-systemet var oppe og gjekk under kampen.

Måla til Førde: Lars Engel Skadal 9 (1 på straffe), Daniel Kvidahl 8, Ole Kristian Gjerstad 5, Thomas Niiranen Hamre 4, Kristian Henden 2, Matheus Diaz Boge 2, Robin Marvik Gjesdal 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Jakob Hoff 1.

Steffen Lauritsen Lundekvam i mål.

Tekst: Kristian Henden.



Siger over Florø2 i tett oppgjer

Postet av Førde IL - Handball den 13. Des 2022

På sjølvaste Luciadagen møttest dei to beste laga i J16-serien i Førdehuset. Både Førde og Florø2 hadde full pott før denne kampen, og det var tett og jamnt heile vegen. begge lag viste at dette var ein kamp dei ville vinne. Det var entusiastiske heiagjengar både for heime- og bortelaget. Ved pause stod det 8-8.

Førde spelte bra i første omgang, men gjorde ein del feil som det var viktig å luke bort i andre omgang. Og jentene kjempa verkeleg. Etter nok ein jamn og nervepirrande omgang enda det med 19-16 til Førde. Det var godt lagspel og mange gode prestasjonar frå fleire av spelarane.

Laget tek no ein velfortent ferie, der dei fekk den beste førjulsgåva med siger mot erkerivalen Florø. Etter ein god sesong hittil ligg Førde på topp på tabellen med siger i 8 av 8 kampar. Vi gler oss til fortsetjinga. 

Mvh Tone Helen Breidvik Nydal, oppmann J 16.

Foto: Tone Helen Breidvik Nydal.




Førde United får nye drakter

Postet av Førde IL - Handball den 9. Des 2022

På styremøtet 6. desember vart det vedteke at Førde United skal få eit nytt draktsett. Laget var nyleg på ei turnering i Florø. Spelarane er med si ekte handballglede gode ambassadørar for Førde IL Handball, og styret vedtok samrøystes å kjøpe inn draker til ein kostnad av ca. 4500 kr til dei.

På styremøtet var økonomien eit tema. Det endelege overskotet på Extra Førde Cup ser ut til å bli 439.000 kr, medan det var budsjettert med 300.000 kr. Ei stor takk til dei som jobba dag og natt for å få til ei vellukka turnering. Dette overskotet, saman med sponsormidlar, m.a. frå generalsponsor Sparebanken Vest, gjer at økonomien er bra. Men vi har også store utgifter, m.a. til bortekampane til 2. divisjonslaget, så vi treng gode inntekter også i 2023. Difor blir arbeidet med fornying av sponsoravtalar svært viktig framover.

Førde ligg for tida under nedrykksstreken i 2. divisjon etter ei rekkje bortetap. Nivået i 2. divisjon er høgare enn i fjor, og laget har i fleire kampar måtta greie seg utan viktige spelarar frå samarbeidsklubbane Gloppen og Sogndal. No vil styret sjå på korleis vi kan styrke laget for å sikre at det held seg i 2. divisjon.

I breiddehandballen går det godt på jentesida, der det er god rekruttering. Verre er det på gutesida, der G11 og G13 er trekt frå seriespel pga for få spelarar. G16 er eit gledeleg unnatak og har gjort det bra i serien. Herrelaget vårt har fått ein god start i 5. divisjon med tre sigrar på tre bortekampar. Dessverre viser det seg vanskeleg å få laga frå Bergenskanten til å kome til Førde, så difor har laget enno ikkje fått vist seg fram for heimepublikum.




Utsette kampar i helga

Postet av Førde IL - Handball den 7. Des 2022

Komande helg skulle etter planen både dame- og herrelaget vårt ha spelt heimekampar i Førdehuset, 2. divisjonslaget mot Tertnes og herrar 5. divisjon mot Lindås. Men begge kampane er utsette. Damekampen fordi Tertnes bad om det, medan Lindås ikkje tek turen til Førde.

For damelaget blir det difor pause i kampprogrammet fram til 7. januar 2023, då Hinna kjem til Førde.

Herrelaget har håp om at dei får kamp 17. desember, då Nore Neset ifylgje terminlista skal gjeste Førdehuset.



Handball og sjokoladekake!

Postet av Førde IL - Handball den 4. Des 2022

Førde J10 reiste forventningsfulle til Fjallerhallen i dag, søndag 4. desember. Vi spelte kampar mot Høyang, Askvoll/Holmedal, Dale og Dale 2. Etter ein litt forsiktig start sat spelet og prestasjonene betre, og vi fekk til slutt scora mange flotte mål.

Etter sjokoladekake i kiosken reiste vi nøgde heim igjen. Vi gler oss allereie til neste turnering. Då skal vi spele på heimebane i Førdehuset 15.januar.

Tekst og foto: Anne-Grete Reikvam.



Flott start for herrelaget

Postet av Førde IL - Handball den 30. Nov 2022

Etter ei tid utan tilbod for herrespelarar melde Førde IL Handball i haust på eit herrelag i 5. divisjon. Og det har gått veldig bra. Laget har spelt tre bortekampar og toppar tabellen så langt med seks poeng. Først vann dei 34-24 over Dale, så 43-32 over BSI 2 og 32-13 over Skjergard.

Det var Ole Kristian Gjerstad som leia fellestreninga mellom herrelaget og G16 tysdag kveld, og han fortel om ein gjeng som har det kjekt med handball.

- Vi har prøvd å stable på beina eit herrelag etter at koronaen sette ein stoppar for handballen. I år har vi endeleg klart å samle ein god gjeng med spelarar, både lokale og innflyttarar, alt frå evigunge Trond Gjesdal på 48 til 16-åringane våre som tek stadige steg. Vi har ein fin mix av spelarar som har vore innom ulike nivå i Norge, og vi har klare ambisjonar om å rykke opp allereie i fyrste sesong. 


Ole Kristian er veldig godt nøgd med innsatsen i dei tre kampane dei har spelt.

- Som nyoppstarta lag er vi i 5. divisjon. altså på lågaste nivå i Region Vest.  Vi har vunne mot to av dei antatt beste motstandarane, vi har i snitt scora 13 mål meir enn laga vi har møtt, og gutane viser at vi har nivået som krevst for å nå målsetjinga. 

- Vi håpar at laget kan vere ein utviklingsarena for unge gutar, og vi ynskjer å vise folk i Sunnfjord at handball er ein kjekk idrett med mykje fart og action. Pga usikkerheita om vi klarte å finne nok folk til å stille lag, så har gutane berre ei handballøkt i uka. Der trenar vi felles med vårt G16-lag, slik at gutane får både matching og høve til å lære av dei meir erfarne spelarane. 

- Vi håper at folk får augene opp for herrehandballen, og vi vil veldig gjerne ha flest mogleg folk på kampane heime i Førdehuset. Vi har fyrste heimekamp 10. desember mot Lindås klokka 16:40, deretter 17. desember mot Nore Neset same klokkeslettet. Møt opp, hei om du vil, så skal vi garantere at du får underhaldning, lovar Ole Kristian Gjerstad, som har markert seg også som spelar, m.a. med 10 mål mot Skjergard.



Kjekt på turnering i Dale

Postet av Førde IL - Handball den 21. Nov 2022

Førde J9 stilte med to lag på handballturneringa i Dale laurdag 19. november. J9 er ca 20 ivrige handballspelarar, og 10 av desse deltok denne laurdagen. Det vart ein målfest og mykje god handball av jenter som syns handball er veldig kjekt!


Tekst og foto: Hanne Østenstad.



Rogalandstur utan poeng

Postet av Førde IL - Handball den 13. Nov 2022

To svært klare tap vart resultatet av turen til Rogaland i helga. Laurdag vann Sola 2 49-21, søndag vart Stavanger for sterke, resultatet vart 36-17.

- Det var eit stykke opp, seier trenar Øyvind Indrebø. Vi møtte eit veldig godt Sola 2, som scora dei fleste av måla sine på kontringar. Vi er nøgde med å ha sett inn 21 mål.

Stavanger hadde berre sanka eitt poeng på sine fire første kampar, men likevel vart det eit klart tap for vårt lag.

- Vi let dei få lov til å vere gode, seier Øyvind.

Han reiste til Rogaland utan fleire sentrale spelarar.  Både GHK og Sogndal hadde seriekampar i helga, og difor måtte vi greie oss utan spelarar frå samarbeidslaga. Til kampen søndag kom 2006-jentene Marie Erichsen Myklebust og Ronja Holsen sørover for å hjelpe til. Dermed var det tre 16-åringar med i kampen mot Stavanger.

Mål for Førde mot Sola2: Oda Vindheim 6 (2 på straffe), Tuva Tefre Kalstad 4, Benedicte Frøyen Bergset 3, Maria Therese Kirkhorn 3, Rebekka Ølmheim 2, Ingrid Sofie Indrebø 2, Maren Totland Aase 1.

Mål mot Stavanger: Benedicte Frøyen Bergset 8, Oda Vindheim 5, Maria Therese Kirkhorn 2, Maria Erichsen Myklebust 1, Ingrid Sofie Indrebø 1.

Foto: Photoevent

Tekst: Kjell Arvid Stølen




Les referat frå styremøtet

Postet av Førde IL - Handball den 2. Nov 2022

Tysdag 1. november var det styremøte i Førde IL Handball. Der vart det vedteke at referata frå styremøta frå no av skal leggast ut på heimesida og på facebook.

Her kan du lese kva vi snakka om på møtet tysdag: Førde Handball styrereferat 1.11.22.docx



Siger i første herrekampen

Postet av Førde IL - Handball den 30. Okt 2022

Dale-Førde/Gloppen2 24-34: 

Førde har fått i gang eit herrelag for første gong sidan før Covid-19. Kampen var mot Dale i Askvollhallen. Laga fylgde kvarandre tett fram til omtrent halvvegs i 1. omgang, men etter det såg Førde seg aldri tilbake. Etter ein slapp start med litt slurv i angrep, så byrja herrane å sette opp farten. Forsvaret sat godt, medan angrepa bar preg av godt samspel og fin fart. Her kjem også debutanten Matheus, ein lokal Førde gut frå G16-laget, og melder seg på moroa med eit flott kantskot og godt defensivt arbeid. Dette resulterte i ein 15-12-leiing til pause. 

 I 2.omgang blir det gjort nokre justeringar som gjer til at Førde scorar nokre kjappe mål, og går opp i leiinga 20-15. Dale vaknar meir til liv, og scorar tre kjappe mål. Førde legg seg ut i 5-1-forsvar som gjer til at Dale sitt angrepsspel mistar all rytme. Førde rykker frå og vinn til slutt fortent 34-24. 

 Sigeren kom diverre med ein liten bismak, då det oppsto ei særs usportsleg hending i slutten av 2. omgang. Dette resulterte i raudt kort nummer 2 for Dale. 

Et bilde som inneholder utendørs, himmel, bakke, bilvei
Automatisk generert beskrivelse

 

Her er bilete av Matheus Diaz Boge. I tradisjon tru tek yngstemann med seg alt av lagutstyr. Fantastisk kjekt med lovande lokale spelarar på veg opp.

 Vi gler oss til dei neste kampane i sesongen, og håpar flest mogeleg tek turen på heimekampar og heiar oss fram. Første heimekamp er laurdag 10. desember i Førdehuset.

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 10, Thomas Niiranen Hamre 9, Daniel Kvidahl 6, Øyvind Fougli Vraalsen 3, Ole Kristian Gjerstad 3, Kristian Henden 1, Matheuz Diaz Boge 1, Simen Roligheten 1. 

Tekst: Kristian Henden.

(Lagbiletet vart teke under Førde Cup i august).




Sjekk medlemstilbod frå Sparebanken Vest!

Postet av Førde IL - Handball den 28. Okt 2022

Sparebanken Vest er generalsponsoren til Førde IL Handball og dermed ein veldig viktig faktor i det apparatet som skal til for at dei unge får utøve sporten vi er så glade i. På biletet ser vi Cathia Lone frå banken saman med vår gode målvakt, Andrea Boge Solås, som var vår beste då vi slo BSI i haust.

Her er helsinga frå generalsponsoren vår, som gjerne ser oss som kundar i banken:

PÅ LAG MED Førde IL Handball:

God rådgjeving til våre kundar er det viktigaste vi gjer. Ansikt til ansikt kvar dag. No ynskjer vi å gi deg eit godt tilbud som medlem i Førde IL Handball. 

Kundeutbytte er overskuddsdeling og vert fastsett ut fra det årlege resultatet, egenkapitalen og likviditeten til banken. Det er ikke garantert utbetaling kvart år. Ta kontakt, så finn vi dei beste løysingane saman. 

Hos oss kan du få kundeutbytte, som er din del av overskotet til banken. Saman finn vi dei beste løysingane for ditt behov. Eit godt rentetilbod og ingen etableringskostnader. Du får Norges beste mobilbank rett i lomma – vi har nemleg best rangering av alle bank-apper i Google Play og AppStore. 

Som boliglånskunde hos oss skaper du verdi langt utover di eiga lommebok, for store deler av overskuddet vårt går til gode formål på Vestlandet. Du får din eigen personlege rådgjevar som kjenner deg og som kan hjelpe deg med alt fra lån og forsikring, til sparing og pensjon.

Ta kontakt, så finn vi dei beste løysingane saman 

Cathia Lone, epost: cathia.baaroy@spv.no Tlf.: 99 42 11 41

 Arve Ekehaug, epost: arve.ekehaug@spv.no Tlf.: 95 15 16 11

Aina Sognnæs Strandos, epost:  aina.strandos@spv.no Tlf.: 90 29 03 32.





Tuva og Oda lyspunkt mot Ålgård

Postet av Førde IL - Handball den 23. Okt 2022



Førde-Ålgård 25-37 (12-19): Oda Vindheim kriga inn åtte mål og vart kåra til vår beste spelar i kampen mot Ålgård. Tuva Tefre Kalstad noterte seg for seks mål frå høgrekanten sin, og ho var saman med Oda lyspunkta på eit heimelag som tidvis sleit tungt mot eit lag som er mellom favorittane i 2. divisjon.

Ålgård rykte ned frå 1. divisjon sist sesong og hadde vunne alle sine kampar før oppgjeret i Førdehuset.

Kampen starta dårleg for heimelaget. Ålgård hadde sett inn seks mål før vi fekk vekk nullen på måltavla. Men frå 4-11 jamna det seg ut, Ved pause var det framleis sjumålsleiing til Ålgård, 12-19.

Men starten av andre omgang var vel så svak for våre jenter som starten av første. Rett nok fekk vi første målet i omgangen, men deretter scora Ålgård 10 mål før vi igjen fekk målkjenning. Tekniske feil, dårlege pasningar og svake avslutningar gjorde det lett for bortelaget.

Men andre halvdel var ei positiv oppleving, vi gjekk frå 13-29 til 23-33, og enda til slutt 12 mål bak.

Trenar Øyvind Indrebø summerer opp kampen slik:

- Vi møter eit godt lag, og så blir det for ujamt. I dei periodane vi greier å gjere oppgåvene i forsvar, blir Ålgård ordinære, og vi greier å springe. Men det er for store delar av kampen der det er nivåskilnad. Vi greier ikkje å fylgje deira prestasjonar.

Han tek med seg det positive, at vi var godt med i periodar.

- Ålgård er eit lag vi må bruke som trening for å bli betre, for dei er betre enn oss. Om vi taper med åtte, ti eller tolv mål spelar liten rolle. Vi må forlenge dei gode periodane våre, og så må vi ha fokus på etablert angrepsspel, der er vi ikkje på det nivået vi bør vere. På dette nivået blir vi hardt straffa for tekniske feil, dårlege val og for tidlege avslutningar.

På plussida tek Øyvind med seg at Tuva Tefre Kalstad gjorde ein flott kamp på høgrekanten.

- Ho har hatt ei kjempeutvikling frå i fjor, og tek nye steg. Ho er uredd, tenkjer ikkje konsekvensar og klinkar til når ho har sjansen. Ho hadde ein kjempekamp, rett og slett.

Måla til Førde: Oda Vindheim 8, Tuva Tefre Kalstad 6, Emma Gloppestad 5, Benedicte Frøyen Bergset 2, Alexandra Gabriela Afloarei 2, Maren Totland Aase 1 og Maria Therese Kirkhorn 1. 

På Ålgård vart Frida Pandaree Hillesøy kåra til beste spelaren. Malin Dueland Iversen vart toppscorar med 7 mål.




8000 kr til Sjekk Deg-kampanjen

Postet av Førde IL - Handball den 18. Okt 2022

På heimekampane mot BSI 8. oktober og Årstad 9. oktober gjekk inntektene på inngangsbillettane til Sjekk Deg-kampanjen. Denne kampanjen har som mål å få kvinner til å sjekke seg for livmorhalskreft. Pengane, 8000 kroner, er no overført til kreftforeninga. 

Nestleiar i Førde IL Handball, Merethe Solheim Klakegg, seier at spelarane på laget og resten av klubben er veldig glade for at så mange kom og støtta ei så god og viktig sak. Spelarane kunne også juble for fire poeng etter 31-22 over BSI og 26-14 over Årstad.

Komande søndag er det klart for ny heimekamp, denne gongen er Ålgård motstandar i Førdehuset klokka 13.00. Vi er utan tap på heimebane denne sesongen, så håpet er at den trenden held seg. På bortebane er poengfangsten mager enno, det vart to tap i Bergen sist helg, 28-20 mot Gneist og 35-15 mot Åsane.




Knallbra forsvarsspel og to nye poeng

Postet av Førde IL - Handball den 9. Okt 2022

Førde-Årstad 26-14 (8-6): Førde dobla poengfangsten sin i søndagens 2. divisjonskamp mot Årstad. Etter ein første omgang der forsvarsspelet sat godt, men der det vart mykje tull og stress og rot i angrepet, stod det 6-6 eitt minutt før fløyta gjekk. Men to kjappe mål i sluttminuttet bar bod om at noko var i gjære. 

Og i andre omgang gjekk det ikkje lang tid før all tvil var lagt bort. Då det var spelt 13 minutt stod det 17-9 på måltavla, med andre ord hadde Førde-jentene scora meir på desse minutta enn i heile første omgang. Og forsvarsspelet heldt fram med å vere ein meir eller mindre ugjennomtrengeleg mur for Årstad-spelarane.

Til slutt vart det 26-14, og dermed har vi sanka fire poeng denne helga, og klatra langt vekk frå sisteplassen på tabellen. Ikkje rart at trenar Øyvind Indrebø var nøgd med det jentene hans presterte.

- Forsvaret vårt sat veldig godt heile kampen, kanskje endå betre enn mot BSI. Og så snakka vi i pausen om at vi måtte halde fram med den gode forsvarsjobbinga, og at det garantert ville kome ein ketchup-effekt i andre omgang. I første omgang var det slik at vi stod veldig lenge i forsvar, og då vart vi stressa og kom til for tidlege avslutningar og hadde mykje bom og tekniske feil.

- I andre omgang brukte vi meir tid med ballen når vi ikkje kontra. Vi fekk korrigert oss i pausen, og jentene leverte strålande. Spesielt bakover har vi vore outstanding i fire omgangar. Det lovar godt at vi vinn to kampar på ein så overtydande måte.

Emma Gloppestad fekk premien som beste spelaren av Merethe Solheim Klakegg.

 

Emma Gloppestad vart kåra til den beste spelaren på Førde. Ho sleit til liks med resten av laget med avslutningane i første omgang, siktet var ikkje innstilt. Men ho gav ikkje opp for det, og enda til slutt på åtte mål.

- Nei, og det er ein god eigenskap at ho heldt fram med å skyte. Vi snakka om det i pausen at fleire av skota hennar kom på rett tidspunkt, men enda over og utanfor. Men det var berre å halde fram med å skyte, og vi er slik skrudd saman at når ho først får ein treff, så kjem sjølvtilliten. Potensialet har ho, og så er ho rågod i forsvar, seier Øyvind.

Sara Øvstebø Dyrhovden vart kåra til beste spelaren til Årstad.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 8, Benedicte Frøyen Bergset 7, Oda Vindheim 6, Sara Dyrhol Vatne 2, Amalie Haugsbø Ness 1,Tale Hageli Hallen 1 og Maren Totland Aase 1.

Toppscorar for Årstad var Linnea Grov Nøkling med 4 mål.

Og neste helg er det duka for litt tøffare motstand når turen går til Bergen for å møte Gneist og Åsane.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Jubel for årets første siger!

Postet av Førde IL - Handball den 8. Okt 2022

Førde-BSI 31-22 (17-11): Jentene våre kunne juble uhemma etter å ha vunne svært overtydande årets første heimekamp i 2. divisjon. Laurdagens motstandar, BSI, sleit med å få mål i starten av kampen fordi forsvarsspelet til Førde sat som eit skot. Heimelaget brende nokre opne sjansar i starten, men det stod 4-0 etter åtte minutt. Trenar Øyvind Indrebø var nøgd med det han såg.

- Vi hadde veldig fokus på at forsvarsspelet skulle sitte, og det gjorde det. Vi kom til mange sjansar, og visste at det etter kvart ville resultere i ein del mål.

Og det gjorde det. Etter ein liten downperiode midtveges, der BSI på det næraste var to mål bak, losna det mot slutten av omgangen, og det stod 17-11 til pause, etter at Amalie Haugsbø Ness sette fleire kontringar i mål.

Også i starten av andre omgang sat forsvarsspelet, og leiinga vart auka til ti mål. Mot slutten bytte trenar Indrebø litt på mannskapet. Det førde til ein del angrep med klabb og babb, men sigeren var aldri truga.

- Vi prioriterte å la fleire spelarar få kjenne på nivået, i tillegg er det ny kamp søndag , så det er viktig å la nøkkelspelarar kvile, men totalt sett er vi veldig nøgde med gjennomføringa av kampen.

Søndagens motstandar er Årstad, som snytte oss for poeng i fjorårssesongen, så då vil det smake med revansj. Uansett utfallet i den kampen er vi borte frå botnplasen med to poeng.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 10 (3 på straffe), Amalie Ness 5, Benedicte Frøyen Bergset 4, Maren Totland Aase 4, Oda Vindheim 3, Tale Hageli Hallen 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Maria Therese Kirkhorn 1, Sara Dyrhol Vatne 1.

Toppscorar for BSI var Pia Kjelsrud Johansen med 6 mål, medan Mona Skjærpe Klungtveit vart kåra til beste spelaren deira.

Andrea Boge Solås stod ein flott kamp i mål og vart kåra til vår beste, og ho fekk velfortent premie frå Cathia Baarøy frå kampsponsor Sparebanken Vest.

 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Blir det jubel i helga?

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2022

Slik jubla laget vårt etter ein viktig siger i forrige sesong. No er håpet at det blir poeng å juble for når vi spelar dei første seriekampane på heimebane i sesongen 2022/23. Det skjer denne helga, laurdag 8. oktober klokka 16.00 er det avkast for kampen mot BSI. Søndag klokka 14.00 er Årstad motstandar.

Det er fire veker sidan sesongopninga. Då vart det to femmålstap borte mot Nærbø og Hinna. Dermed ligg vi sist på tabellen. Men det er to andre lag som også står med null poeng, mellom dei er Årstad. BSI har kapra eitt poeng.

Uansett, spelarar og trenarar gler seg til å sesongdebutere på heimebane, seier assistenttrenar Oddny Sønnesyn.

- Vi er spente. Serien har ikkje sett seg enno, så vi veit lite om kva vi møter. BSI rykte opp frå 3. divisjon og er eit studentlag. Erfaring tilseier at dei kan ha fleire spelarar som har spelt på høgare nivå, det har vi også sett på kampane til no.

Når det gjeld Årstad hadde dei til liks med Førde mager poengfangst forrige sesong. Men det vart eit surt eittmålstap mot dei i Førdehuset den gong.

- Det er eit lag vi pleier å slite mot, seier Oddny. Men vi går til kampane med mål om å ta fire poeng denne helga, sjølv om vi veit det kan bli tøft.

 Øyvind Indrebø og Oddny Sønnesyn instruerer spelarane sine i ein timeout i cupkampen mot Fana. Då var motstanden nokre hakk over nivået dei møter i 2. divisjon.


Førde stiller med fullt lag. Oppkøyringa til sesongen har vore langt betre enn i fjor, det har jamnt over vore 17-18 spelarar på trening, medan det i fjor kunne vere så få som fire på enkelte treningar. Mangelen på treningskampar spelar og inn. Det prøver hovudtrenar Øyvind Indrebø å rette litt på med ein treningskamp mot Sogndal onsdag kveld, ein kamp der resultatet ikkje tel. Målet er å drille inn trekk i angrep og forsvarssystem.

- Det er tidleg i sesongen og laget vårt har ikkje fått sett seg skikkeleg, så prestasjonane kan kome til å svinge ein del. Men vi gler oss til ei helg på heimebane og skal gi begge motstandarane kamp om poenga, seier Oddny.

Då håpar vi at vårt trufaste publikum finn vegen til Førdehuset igjen og støttar laget vårt.

Nokon som støttar oss er ein av sponsorane våre, Coop Extra. Laurdag et 2. divisjonsspelarane middag på Coop-kafeen.

I kampen mot BSI laurdag er det generalsponsoren vår, Sparebanken Vest som er kampsponsor.

I kampen mot Årstad søndag er det Coop Extra som er kampsponsor. 

Her er heimekampane denne sesongen:

8.10: Førde - BSI

9.10: Førde - Årstad

23.10: Førde - Ålgård

11.12: Førde - Tertnes

7.1.23: Førde - Hinna

5.2.23: Førde - Sola2

18.2.23: Førde - Stavanger

11.3.23: Førde - Randesund

18.3.23: Førde - Nærbø

15.4.23: Førde - Åsane

23.4.23: Førde - Gneist



Ni av våre på RUM-samling

Postet av Førde IL - Handball den 20. Sep 2022

NHF Region Vest kalla den 17.09.2022 inn til Regionalt Utviklingsmiljø (RUM) i Førdehuset for gutar og jenter fødd i 2006 og 2007, der 28 gutar og 25 jenter deltok. Frå Førde var fem G-16 og fire J-16 tatt ut. 

Deltaking på RUM kan føre til uttak på andre regionale tiltak som bylag og regionslag. Tiltaket er også meint for å forsterke treningskvardagen til utøvarane i sone 1-3. Årsklassane for RUM følgjer klassane for regionale landslagsmiljø.

Tekst og foto: Merethe Solheim Klakegg.



Bli med på handballskule!

Postet av Førde IL - Handball den 19. Sep 2022


Førde Handball inviterer til Extra Handballskule i Førdehuset 10. - 12. oktober kl 10.00-15.00. Påmelding innan 3. oktober til ole_gjerstad@hotmail.com.

Ved påmelding oppgje fullt namn, alder, namn på føresette, telefonnummer og eventuelle allergiar.

Det er plass til 30 barn frå første til tredje klasse og 30 barn for fjerde og femte klasse. Vi vil opne for andre om plassane ikkje blir fylte.

Betaling til kontonr. 3720.17.46044.

Pris kr. 700 (inkl. lunsj).



To femmålstap i sesongopninga

Postet av Førde IL - Handball den 11. Sep 2022

Oda sette inn ni mål mot Nærbø. Førde drog til Rogaland med håp om å kome heim med poeng, men det vart to tap, begge med fem mål. Laurdag vann Nærbø 30-25, sændag vann Hinna 22-17.

 

Trenar Øyvind Indrebø seier at det alltid er surt å reise heim utan poeng, men at dei fekk ein del gode svar, og at dei har god tru på å ta nye steg fram mot første heimekampane 8. og 9. oktober.

- Det var to ulike kampar. Mot Nærbø starta vi svakt, men hadde ein god andre halvdel  av omgangen, det var mykje det same i andre omgang. Men det svingar for mykje, særleg i angrep. Det er eit resulkta av at vi har for få kampar saman, spelarane er litt utrygge på kvarandre..

Øyvind gir spelarane pluss i margen for god moral, men minus for returløp.

- Det vart for mange kontringsmål mot oss

I søndagskampen mot Hinna  starta det bra, pauseresultatet var 10-10.

- Vi spelte veldig god i forsvar i begge omgangane, vi la oss i 5-1 og gjorde kjempestore framsteg frå kampen mot Nærbø. Forsvaret sat veldig bra. I angrep tok vi nye steg. Hinna er eit betre lag enn Nærbø. Men vi hadde ein kritisk fase midtvegs i andre omgang. Då gjer vi det litt for vanskeleg.

Men samla sett ser Øyvind Indrebø mange lyspunkt.

- Vi har god moral i laget, og vi veit kva vi skal jobbe med framover. Til dei neste kampane reknar vi med å ha Sara Dyrhol Vatne og Rebekka Øen klare etter skade.

Kampfakta:

Nærbø-Førde 30-25 (15-13). Mål for Førde: Oda Vindheim 9, Amalie Ness 3, Benedicte Frøyen Bergset 3, Maren Totland Aase 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Ingrid Sofie Indrebø 2, Emma Gloppestad 2.

Hinna-Førde 22-17 (10-10). Mål for Førde: Benedicte Frøyen Bergset 5 (3 på straffe), Emma Gloppestad 4, Oda Vindheim 3, Ingrid Sofie Indrebø 3, Amalie Ness 1, Maren Totland Aase 1.



Kjekt, trass i tre tap i Bring-kvalik

Postet av Førde IL - Handball den 5. Sep 2022

J16 med jenter hovudsakeleg frå Førde, men også frå Gloppen og Stryn, var i helga på Lillestrøm for å spele kvalik til Bring-serien. Det vart tre tap, to av dei etter nokså jamne kampar. Likevel var det ei fantastisk kjekk helg for både jentene og støtteapparatet. 

Første kampen var mot heimelaget Lillestrøm i Skedsmohallen. Det stod 11-11 ved pause, utover i andre omgang seig Lillestrøm frå og vann 27-23.

Mot Tromsø leverte jentene to nokså ulike omgangar. Ved pause leia Tromsø 15-7, men andre omgang vann Førde med 13-8, slik at sluttresultatet vart 23-20 til laget frå nord.

Den tredje og siste kampen var mot det beste laget i kvaliken, Hinna. Eit veldig godt lag, i tillegg var våre jenter prega av at dei ikkje hadde sjanse på kvalik etter to tap. Det enda 27-12 til Hinna, etter 13-7 ved pause.

To av jentene våre fekk grønt kort. Fargen på kortet indikerer at dei står for noko positivt. Godt humør, ikkje sutring på dommarar og oppmuntring av medspelarar er mellom kriteria. Dei to er Ronja Holsen mot Lillestrøm, og Guro Bruland Gurvin mot Tromsø. Begge fekk kvar sin Bring-handball i premie. Tuva Tefre Kalstad scora flest mål for Førde, 11 i alt, Kristina Hjelle hadde 10 og Anna Flo Kandal 8 mål.

- Jentene var veldig spente på korleis kampane og samspelet ville fungere, seier Ole Kristian Gjerstad, som saman med Øyvind Fougli Vraalsen er trenar for J16.

- Vi fekk veldig gode svar alt i den første kampen. Samarbeidslaget gjekk tøft ut i duellane, klinka til i både angrep og forsvar, og dei var utruleg flinke til å backe opp kvarandre både på bana og frå benken. Når jentene torde å gi jernet og såg at vi matcha motstandarane, var det fleire som senka skuldrane og fekk brukt nervøsiteten til noko positivt.

Ole Kristian seier det var kjekt å sjå at spelarane gjennom tre kampar fekk kjenne på skilnaden det er når dei torde å satse og spele offensivt, kontra det å trekke seg tilbake og ikkje ha trua.

- Dei viste ein enorm styrke i den andre kampen (mot Tromsø). Vi ligg i ein periode åtte mål bak, i hovudsak fordi vi ikkje torde å angripe, men jentene gjorde ei fantastisk omstilling i andre omgang og henta inn heile leiinga. Dette er noko jentene vil ta med seg i den vidare utviklinga. Vi i trenarteamet er kjempestolte av alle jentene, både på og utanfor bana denne helga.

Desse jentene var med: Elise Benjaminsen (keeper Førde), Borgny Hetle (keeper Gloppen).

Utespelarar Førde: Guro Bruland Gurvin, Ronja Norbotten Holsen,  Marie Erichsen Myklebust, Violett Sahiti Helle,  Aurora Haugsbø Ness, Nathalie Nydal, Tuva Tefre Kalstad.

Gloppen: Kristina Hjelle.

Stryn: Inger Hjelmeseth, Anna Flo Kandal, Synne Brynestad Erdal, Lone Øen Omberg.

Støtteapparatet:

Sjåfør Erling Benjaminsen 

Trenarar Ole Kristian Gjerstad og Øyvind Fougli Vraalsen

Utstyr og kontroll over jentene:  Sissel Bruland Gurvin og Kjersti Erichsen.

 Foto: Sissel Bruland Gurvin.






Marit og Fana med leksjon i effektiv handball

Postet av Førde IL - Handball den 30. Aug 2022



Førde-Fana 13-47 (6-25): Fana var som venta på eit heilt anna nivå enn 2. divisjonslaget til Førde i andre runde i NM-cupen i Førdehuset. Særleg det første kvarteret, for då var spelarane på heimelaget lette rundingsbøyer for bergensarane, som sette kursen rett mot mål så snart dei fekk sjansen. Fana scora i nesten kvart einaste angrep. Og det såg ikkje ut som Førde-spelarane hadde trua på at det gjekk an å score på Fana. Ikkje før det stod 1-15 på måltavla. Då losna det litt, samstundes som forsvaret gav målvakt Andrea Boge Solås litt meir hjelp.

 Det stod 6-25 på måltavla då laga gjekk til pause, og det heile enda med 47-13 til Fana. I andre omgang kom Førde til langt fleire avslutningar, men Fana-målvakt Ida Drønen var ikkje lett å overliste. Handballunderhaldning var det mange døme på. Fana varta opp med fleire flygarar og andre fikse detaljar, så publikum fekk god valuta for inngangspengane.

Førde-trenar Øyvind Indrebø konstaterte at nivåskilnaden var stor.

- Med tanke på at dette var vår første kamp denne sesongen, og at vi møtte laget som var det femte beste i landet sist sesong, så var det vel slik det måtte gå. Men det kom seg litt utover kampen. No må vi jobbe knallhardt fram mot dei første seriekampane.

Tuva Tefre Kalstad (t.v.) fekk sin seniordebut og kvitterte med å sette inn eitt mål mot eliteserielaget.

Målscorarar for Førde: Emma Gloppestad 5 (3 på straffe), Benedicte Frøyen Bergset 3, Oda Vindheim 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Ingrid Sofie Indrebø 1, Alexandra Afloarei 1. 

Toppscorar for Fana vart Sara Berg med 13 mål, 6 av dei på straffe.

Benedicte Frøyen Bergset vart kåra til Førde sin beste spelar, medan Marit Ova Bøyum frå Vassenden fekk den æra blant mange gode Fana-spelarar. - Kanskje litt subjektivt, det var hjarta som snakka, sa speker Tom Farsund. Men Fana-trenar Erlend Lyssand meiner avgjerda slett ikkje var feil. Marit scora fire mål, og varta i tillegg opp med mange flotte frispelingar av lagvenninner.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Vel blåst, Merethe og resten av gjengen!

Postet av Førde IL - Handball den 28. Aug 2022

Kapteinen til G16-laget til Mathopen/Sotra1 jublar for siger i Extra Førde cup, etter å ha fått pokalen frå nestleiar i Førde Handball, Merethe Solheim Klakegg. For Førde har turneringa vore ein kjempetriumf. Det aller meste har gått knirkefritt, takka vere god planlegging og mykje, mykje dugnadsinnsats.

- Frå laga er det nesten berre godord å få. Det einaste unnataket er dei som har budd på Halbrend skule. Dei syntest at det vart vel langt å gå ned til sentrum, seier Merethe. Bortsett frå det har vi fått kjempemykje skryt for organiseringa av kampane og matserveringa.

Korleis det går økonomisk er det for tidleg å seie noko om.

No kan alle frivillig ta ein pust i bakken etter ei hektisk, men kjekk helg med Extra Førde cup.

På søndag kom også godveret, og desse jentene frå Lindås kosa seg på plenen bak Førdehuset.

G16-laget frå Florø vart nummer tre og jubla for det.

Resultata frå finalekampane;

G14: Eid-Florø 8-10. Florø vinnar.

J13: Lindås-Mathopen 13-12. Lindås vinnar

J16: Mathopen1-Nordre Fjell 1  13-12, Mathopen vinnar.

G16: Mathopen/Sotra1-Mathopen/Sotra 2  10-7. Mathopen/Sotra 1 vart vinnar.


Tett kamp mellom Lindås Saturn og Høyang. som her utliknar til 3-3.

Førde til topps i herreklassen med tre sigrar og ein uavgjortkamp.




Dagfinn er på plass heile helga

Postet av Førde IL - Handball den 27. Aug 2022

Frå før første kampen fredag til ei god stund etter siste kampen søndag er Dagfinn Vik på plass i Førdehuset, der han held auge med at arrangementet går som det skal. Han fører inn resultata på den store tavla i foajeen, både kampane i Førdehuset og dei han får inn via telefon frå Halbrendshallen. Men sjølv meiner han at det var før Extra Førde Cup kom i gang han hadde det meste av arbeidet sitt.

- I heile august har eg jobba med kampprogrammet, ringt lag og dommarar, sendt epostar og etter kvart plotta inn dei 191 kampane. No er det andre som gjer det meste av jobben.

Uansett har turneringa så langt gått knirkefritt. Dommarane Kjell Ove Forthun og Reidun Myrland frå Årdal tek ein pust i bakken med pizza frå Dolly Dimples på Førde Ungdomsskule. Dei har berre lovord etter å ha dømt sju av sine 17 kampar denne helga.

- Det er tydeleg at det er gjort ein god jobb med arrangementet, seier Kjell Ove.

Ein av dei viktigaste suksessfaktorane på ei slik turnering er maten. Den har Mona Masdal Øksendal overoppsynet med. Og det er ikkje småtteri ho og medhjelparane hennar har forsynt spelarane med. Klokka fire laurdag var rundt 200 pizzaer klare, halvparten av dei frå Dolly Dimples, resten steikt av foreldre til Førde-spelarane.

Men det er frukostane som krev mest arbeid. Det går med 50-60 brød kvar frukost, 200 egg til eggerøre, ti agurkar for å nemne noko, alt var oppete. Og aller mest populære var svelene som var laga av 12 liter kefir. 

- Det vart fort tomt, seier Mona. Ho fortel at det er kjøpt inn mat for rundt 100.000 kr. Og så langt har dei berre fått vellæte for maten.

Extra Førde Cup er eit enormt dugnadsløft, der det meste som kan krype og gå i Førde Handball gjer sitt. Ikkje minst krev det sitt å sitte i sekretariatet. Laurdag ettermiddag var det Laila Tefre og Kjersti Erichsen som tok seg av det i Førdehuset.

Blide jenter frå Florø slappar av mellom kampane.

Maskoten frå Sunnfjordparken var populær.

16-årsjentene til Førde klare til kamp.

Førdejenter i kamp mot Mathopen.



Tre generasjonar Olsen i sving for Førde

Postet av Førde IL - Handball den 27. Aug 2022

Førde stiller med herrelag i Extra Førde Cup 2022. Der figurerer tre generasjonar Olsen. Gamlefar Leif Otto er lagleiar, medan sonen Jørn Otto og barnebarnet Ole Jørgen må sveitte litt meir i Førde-trøya. Og det har gått strålande så langt med laget. Først slo dei Lindås 9-4, deretter Dale med 12-5.

Foto: Sissel Bruland Gurvin.



Handball frå morgon til kveld

Postet av Førde IL - Handball den 27. Aug 2022

Dei første kampane i Extra Førde cup vart spelte fredag kveld, og alt klokka åtte laurdag var det på an igjen med kampar både i Førdehuset og i Halbrendshallen. Stor innsats, mykje handballmoro og ein solid dugnadsgjeng syter for at det heile går bra. Matgjengen har gjort eit flott stykke arbeid med smakfull og næringsrik mat.  Dei varta opp med nydeleg frukost til alle på cupen. Dei har servert havregraut, brødmat, eggerøre, sveler og alt du kan tenke deg av pålegg! 

Dagfinn Vik er ansvarleg for kampoppsettet og ser til at laga møter opp til rett tid, at dommarane er på plass og at det er folk i sekretariatet, og så fyller han inn resultata etter kvart på tavla si.

For oss i Førde er det litt stort at vi kunne stille med herrelag i Extra Førde cup, og dei var ikkje snauare enn at dei vann 9-4 over Lindås i første kampen. Dermed god stemning etter kampen...

Ei slik turnering er ikkje mogeleg utan dommarar som stiller opp og dømmer kamp etter kamp. Flott at dei gjer sitt. Her er fire av dei...

Maskoten frå Sunnfjordparken var med på tribuna, til stor glede for mange ....



Her førebur dei tidenes Førde Cup

Postet av Førde IL - Handball den 24. Aug 2022

Tysdag hadde arrangementskomiteen for Extra Førde Cup 2022 sitt siste møte for å få på plass dei siste detaljane. Det er stor spenning framfor cupen, ikkje berre fordi det er to år sidan sist vi fekk arrangere denne viktige turneringa, men også fordi det er rekorddeltaking. 83 lag med rundt 900 spelarar skal utfalde seg i Førdehuset og Halbrendshallen, i alt 191 kampar blir det. Leiar Rune Øksenberg i Førde Handball seier dette ikkje hadde gått om vi berre hadde hatt Førdehuset.

- Vi er nøydde til å bruke to hallar, det gjer det litt meir utfordrande, og det er eit stort apparat som skal til for å få det til. Berre maten krev mykje, det er 500 som skal ete, det blir mange eingongstallerkenar og glas.

Mona Masdal er mellom dei som skal ha ansvaret for at det blir nok mat Ho har bestilt 100 pizzaer frå Dolly Dimples, i tillegg skal foreldra til Førde-spelarane levere like mange. Og det er berre ein del av mattilbodet. Spelarane skal m.a. ha to frukostar servert.

Overnattinga for dei tilreisande laga er også i hamn, seier Rune.

- Men det er eit stort apparat. Berre det å ha vakter både på dagtid og om natta, pluss rydding, på dei skulane der spelarane skal bu, er ein kabal for seg sjølv. Det er mykje som skal på plass. Det er snakk om tusenvis av dugnadstimar frå styre og komite, trenarar og oppmenn og andre friviljuge. Det er eit stort felles løft for å få det til.

Den store påmeldinga tyder på at mange handballspelarar har lengta etter å få spele turnering etter to år med pandemi og nedstenging.

- Vi er heilt på grensa av det vi greier å få til, men det er veldig kjekt at så mange vil kome til Førde., seier Rune. Han seier dei har lagt til rette for at dei tilreisande skal få meir moro enn berre handballen under opphaldet i Førde.

- Det skal bli ei skikkeleg helg. Vi har fått utvida opningstidene i symjehallen, og det er ekstra kinoframsyning. Mellom sponsorane våre er Sunnfjordparken med alle sine trampoliner og andre aktivitetar som spelarane kan utforske om dei vil, så dette blir ei festhelg for handball.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

Her finn du meir info om deltakande lag og oversyn over alle sponsorane som gjer det mogeleg å arrangere Extra Førde Cup:



Gjensyn med Marit i cupkamp

Postet av Førde IL - Handball den 17. Aug 2022

Førde møter Fana i andre runde i NM tysdag 30. august klokka 18. Dersom Marit Ova Bøyum er skadefri, blir det hennar første kamp i Førdehuset sidan ho forlet Førde for å spele topphandball for Fana. Jenta frå Vassenden sette inn 80 seriemål for Fana i toppserien sist sesong, og Fana vart nummer fem.

Med andre ord møter vi eit lag som ligg nokre hakk over nivået vi er vane med i 2. divisjon, og asistenttrenar Oddny Sønnesyn seier at det uansett blir ei tøff oppgåve for Førde, som så vidt unngjekk nedrykk til 3. divisjon, Og med ein del skade i troppen blir det endå meir utfordrande, seier ho.

- Vi har hatt nokre mindre og større skader, og det har gjort at vi ikkje har fått spelt dei treningskampane vi hadde planlagt. Men kampen mot Fana blir ei fin anledning til å få ei god gjennomkøyring før seriestart.

For Førde startar serien helga 10. til 11. september med bortekampar mot Nærbø og Hinna i Rogaland. Så er det tre veker pause før første heimekampane mot BSI og Årstad 8. og 9. oktober.

Om det er litt skadetrøbbel, så er situasjonen for Førde sitt 2. divisjonslag betre enn på tilsvarande tidspunkt i fjor.

- Vi har fleire spelarar tilgjengeleg for trening i Førde. Dei har trena bra fysisk, og vi er i gang med gode handballøkter, seier Oddny.

Her er heile terminlista for 2, divisjon avd 3:

Tekst; Kjell Arvid Stølen, foto: Bjørn Erik Nesse.



Sommarhelsing frå styret

Postet av Førde IL - Handball den 13. Jul 2022

Kjære alle handballvener.

Sommaren er her for fullt, ein velfortent ferie er allereie i gang for mange, og nokre skal snart til.

Det har vore krevjande for Førde IL Handball på mange område i den sesongen vi har bak oss. Pandemien gav oss uante problemstillingar, men alle desse har blitt tatt tak i og løyst etter beste evne frå alle. Dei same utfordringane gjeld også for mange andre klubbar rundt oss i landet.
 

Det er inspirerande å sjå den ståpå-viljen, engasjementet og ikkje minst iveren frå alle involverte i klubben.

Våren har vore brukt effektivt til å halde damelaget i 2. divisjon. Dette er svært viktig for oss, slik at vi kan ha eit lag som yngre spelarar strekker seg for å nå. Det er eit viktig og stort steg for mange håpefulle at vår klubb er eit springbrett til andre klubbar høgare oppe i divisjonane og kanskje ein dag få nå ut i den store verda. I tillegg gir det oss og mogelegheiter vi treng i lag med samarbeidsklubbane rundt oss.

For å skape god nok rekruttering til damelaget og eit herrelag i framtida, er vi heilt avhengig av å ha gode årskull dei komande åra. Her har det vore gjort mykje bra arbeid, men vi kan ikkje stikke under ein stol at det er mykje arbeid igjen for å kome dit vi ynskjer. Difor er vi veldig glade for at Øyvind og Ole har tatt på seg jobben med å lage gode system og rutiner for trenarar, oppmenn/kvinner og spelarar.
 

Den viktigaste rekrutteringskanalen vi har er ungane som deltek i handballen. Er desse fornøgde så spreier dette seg, og vi får fleire av deira vener inn i vårt gode miljø. Vi treng fleire ungar til vår idrett, så dette er ein kontinuerleg prosess. Der spelar du ei sentral rolle. Du med ditt kontaktnett kan vere avgjerande for oss i det å skaffe fleire spelarar, oppmenn/kvinner, trenarar, dommarar, styremedlemmer, frivillege og sponsorar som kan vere med å utvikle klubben vidare. Kjenner du nokon som vil vere med, så be dei ta kontakt med oss i styret.

Vi har og ei viktig oppmoding å komme med. Sponsorane våre er heilt avgjerande for at vi skal drive klubben. Desse må vi vere lojale mot, elles vil dei ikkje fornye kontraktane sine. Vi er svært takksame for at dei støttar oss. Dei siste som er på plass og fornya avtalane med oss er Sparebanken Vest, Fjordprofil og Førde Vulk. Tusen takk til alle sponsorane våre, vi set stor pris på dykk alle.

Så lad batteria til ein ny og spennande sesong og nyt sommaren til fulle! Vi gler oss til å møte dykk alle saman igjen.

 

For styret

Rune Øksenberg

styreleiar  



Samhald og klubbkjensle på cup i Bergen

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jul 2022

J16 og G16 reiste til Bergen på ein cup som blir spelt utandørs på kunstgras og med sprayklister, der fokuset var det sosiale og få ei god cupoppleving. Og det vart innfridd til dei grader! Hos jentene vart alle 10 spelarane med, saman med Ole Kristian Gjerstad og Kjersti Erichsen som lagleiarar. Med seg hadde dei også den supre og uunnverlege multitaskaren Sissel Bruland Gurvin som overnatta med jentene og sørga for at dei hadde alt dei trengde til ei kvar tid.

 J16 kom til finalen i B-sluttspelet der dei knuste Tertnes1 18-12. Dette var ein sterk siger, der alle jentene var ekstremt på, storspelte og viste at dei verkeleg kan spele god handball. 

 

Gutane hadde med seg Kristian Henden som lagleiar, og han sørga for at dei 9 gutane var påskrudde, klare til kamp og at dei hadde alt dei trengde. Den fantastiske oppkvinna gjennom alle åra gutane har spelt handball, Hilde Lauritsen, hadde sørga for at alt var organisert og på stell for gutane og Kristian. Gutane starta forsiktig i første kamp, men heva seg betrakteleg og viste at dei er eit godt handballag, med god tenning, godt humør, gode lagspelarar som støttar kvarandre og som verkeleg kan spele god handball. Gutane tok seg vidare til kvartfinale i A-sluttspelet, men der vart det eit veldig surt 2-måls tap, sjølv om gutane våre var det beste laget. 

 

Laga har støtta kvarandre og vore fast heiagjeng for kvarandre under alle kampane, med store høgtalarar og mikrofon. Samhaldet i begge laga har blitt sterkare og ikkje minst mellom J16 og G16, dette har vore rørande å sjå. Samtlege spelarar har vore gode representantar for Førde både på og utanfor bana, der dei har fått mykje skryt av arrangørane av cupen. Det er ein blid, høfleg og spøkefull gjeng som utan tvil kjem til å bite frå seg neste sesong. No gler alle seg til Førde Cup i august og ikkje minst til neste sesong, der begge 16 års laga er ekstremt motiverte og klare for å spele mykje god handball og vere kvarandre sin største heiagjeng.

Tekst og foto: Merethe Solheim Klakegg.



Seks spelarar på talentsamling

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jun 2022

Vi gratulerer følgande av våre 2007-spelarar med uttak til regional talentsamling:

Elise Benjaminsen, Freider Nyheim, Georg Marskar Strønen, Vegard Drage Skreien, Kasper Eide og Håvard Evebø Grov. 

Lukke til på samling!




Vi treng fleire slike!

Postet av Førde IL - Handball den 2. Jun 2022


Dagfinn Vik (t.h.) og Odd Erik Gullaksen har på fleire område og gjennom mange år lagt ned ein enorm innsats for Førde IL Handball. Dagfinn har vore dommar, Odd Erik trenar og sportsleg leiar, begge har brukt mange timar i sekretariatet på handballkampar. Dette gjer dei med glede og av ei stor interesse for handball generelt og for Førde Handball spesielt. 

- Vi håpar at begge kan vere med oss vidare. Men vi treng fleire som desse to, seier leiar Rune Øksenberg, som overrekte blomster til Dagfinn og Odd Erik etter siste seriekampen denne sesongen.

Det er alltid trong for trenarar og oppmenn. Kan du for lite om handball, seier du? Ikkje noko problem, det finst kurs som vil gi den opplæringa som skal til. 

Og vi har for få dommarar. Kvifor ikkje prøve seg? Også her vankar det opplæring. Mange vil kanskje vegre seg for å gå ut på bana med fløyte i munnen. Det kan av og til vere stort engasjement i kampane, men i dei aller fleste kampane går det fint for seg. Og alle trenarar og spelarar veit at utan dommarar får dei ikkje utøvd sporten sin.

I tillegg er det mange små og nokre litt større oppgåver som må løysast for at kampar og treningar skal bli avvikla, så bli med oss på laget!

Kva får du igjen for å engasjere deg i handballen? Pengar kan vi ikkje love, men du får vere med i eit kjekt, pulserande miljø og kjenne at du er med på å legge til rette for at dei unge spelarane våre får utøve idretten dei er så glade i. Å sjå ekte idrettsglede er ei oppleving i seg sjølv.

Dersom du har lyst til å ta i eit tak, ta kontakt med Rune Øksenberg på tlf. 99550807.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Tusen takk til Maria og Martine!

Postet av Førde IL - Handball den 21. Mai 2022

Førde-Gneist 25-31 (13-18): Det vart seksmålstap mot Gneist i den siste seriekampen denne sesongen, ein kamp der resultatet ikkje spelte så stor rolle for nokon av laga. For Førde sin del var det ein del vemod med i spelet, for vi seier takk for innsatsen til to veldig verdfulle og trufaste spelarar, Martine Vindheim og Maria Ullebust Oppedal. Etter kampen heldt sportsleg leiar Oddny Sønnesyn ein takketale til dei to, som begge har gjort sitt og meir til for at vi greidde målet vårt: å halde oss i 2. divisjon. Begge bur i Bergen, og Martine melder no overgang til Gneist, som ho har fått  trene med denne sesongen.

Stor takk og blomster vanka det og på trenarane, Øyvind Fougli Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad. Dei skal frå no av ha ansvaret for den aldersbestemte handballen i laget. Også to trufaste karar i sekretariatet, Dagfinn Vik og Odd Erik Gullaksen, fekk fortent blomsterheider.

Som i laurdagskampen mot Gneist varierte spelet til heimelaget frå veldig bra til godt under pari. Vi hadde ein veldig god periode i midten av andre omgang. Då gjekk vi frå å ligge under med seks mål til å ta leiinga 23-22. Men derifrå og inn var Gneist eit betre lag. Veslemøy Risnes Kjønås gjorde ein god kamp og vart kåra til vår beste spelar. Best på Gneist var Malin Kulvik. Begge fekk premie frå Coop Extra.

Roger Klakegg frå generalsponsoren vår, Sparebanken Vest, var til stades på kampen. Førde IL Handball er svært glad for å ha dei med på laget også komande sesong.

Måla til Førde: Oda Vindheim 7, Veslemøy Risnes Kjønås 6, Maria Ullebust Oppedal 4, Martine Orrestad Andersen 3, Martine Vindheim 2, Alexandra Afloarei 2, Tale Hageli Hallen 1.

Toppscorar for Gneist var Malin Kulvik med 7 mål.





Laget som avslutta sesongen flankert av Roger Klakegg frå generalsponsor Sparebanken vest og leiar i Førde IL Handball, Rune Øksenberg.


Merethe Solheim Klakegg overrekte blomster til Dagfinn Vik og Odd Erik Gullaksen, trufaste slitarar i sekretariatet.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Maria vår beste mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 20. Mai 2022

Gneist-Førde 32-28 (14-17): Gneist vann med fire mål i den første av to kampar mot oss denne helga. Gneist har valt å spele begge seriekampane mot Førde i Førdehuset og var formelt sett heimelag i denne fredagskampen. Førde hadde ein god første omgang og gjekk til pause med tremålsleiing, Det starta bra også i andre omgang, då Emma Gloppestad gav oss firemålsleiing i første angrepet. Men så vart det berre klabb og babb. I dei neste ti minutta  scora Gneist ni mål, vi eitt. Dermed var firemålsleiing til Førde blitt til firemålsleiing for Gneist. 

Resten av omgangen spelte vi jamnt med Gneist, som ligg på fjerdeplass på tabellen. Fleire nye fekk prøve seg, mellom dei Tale Hageli Hallen. Synne Bakke Dvergedal og Thea Sønnesyn. Maria Ullebust Oppedal tok seks straffekast og scora på fem av dei, i tillegg til tre spelemål. Ho vart kåra til vår beste spelar og fekk premie frå kampsponsor Sparebanken Vest.

Sara Sandelin vart kåra til best på Gneist.

Måla til Førde: Maria Ullebust Oppedal 8 (5 på straffe), Emma Gloppestad 6, Oda Vindheim 5, Martine Orrestad Andersen 2, Martine Vindheim 2, Alexandra Afloarei 2, Veslemøy Risnes Kjønås 1, Amalie Haugsbø Ness 1, Maria Berglihn 1.

Toppscorarar for Gneist var Mille Brekken Daae og Linnea Skadal.

Laurdag klokka 13 møtest laga igjen, då med Førde som heimelag. Vi håpar at mange tek turen til Førdehuset for å vere med på å hylle trufaste spelarar som no gir seg. 

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.





Ver med på å feire ny kontrakt!

Postet av Førde IL - Handball den 19. Mai 2022

Fredag og laurdag møter vi Gneist i serieavslutninga i 2. divisjon. Gneist tek turen til Førde for å spele både heimekampen og bortekampen mot Førde i Førdehuset. For oss blir det ei fin anledning til å takke både spelarar, trenarar og publikum for ein lang, til dels frustrerande sesong, som trass alt enda godt for vår del til slutt. Med 28-18 over Kjøkkelvik sist helg er det klart at det blir 2. divisjonsspel også sesongen 2022/23.

Den første kampen mot Gneist går fredag klokka 19.00. Dette er eigentleg bortekampen , så formeldt står Gneist som heimelag, men det er vi som arrangerer.

Laurdag klokka 13.00 møtest laga igjen, då med Førde som heimelag. Og dette blir den offisielle sesongavslutninga for vår del. Etter kampen skal vi takke av to spelarar som har gjort ein uvurderleg innsats for Førde dei siste sesongane, Martine Vindheim og Maria Ullebust Oppedal. Også trenarduoen Øyvind Fougli Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad skal få sin velfortente hyllest. Møt opp for å sjå ein fin handballkamp og ta del i hyllesten etter kampen!

Det høyrer med til historia at Gneist også har kamp søndag, mot Årstad i Bergen, så dei får ei travel helg!

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Enorm idrettsglede trass i mange tap

Postet av Førde IL - Handball den 16. Mai 2022

Då er 4. divisjonslaget  endeleg ferdig med årets sesong. Etter eit opphald i slutten av fjoråret og inn i det nye året, så blei sesongen for vår del ekstra lang. I løpet av sesongen har vi hatt det litt trått med ein del sjukdom (covid 19), eit par skader, og ein del av spelarane våre som gav seg midt i sesongen. Men kjernegruppa vår har verkeleg stått på med både få folk på trening og lange kampar med få pausar.

Men likevel så klarer vi å vise enorm idrettsglede, og det er vel det viktigaste. Eit eksempel på dette er eine kampen i Årdal då vi reiste dit med åtte spelarar.  Vi tapte, men vi var nok det laget som ropte og jubla mest. Dette tok nok årdølene litt på senga.  

Trass i utfordringar i sesongen så har vi ikkje gitt opp, og i siste serierunde kjempa vi åtte mot Florø sine rutinerte og samspelte 10 spelarar. Vi viste glede og innsats,  og ingen fortente to poeng meir enn oss den kvelden.

Og så bør vi ta med at vi har plass  til fleire spelarar neste sesong....

Tekst: Vegard Marius Benjaminsen.



Jubel i Bergen: Plassen er berga!

Postet av Førde IL - Handball den 15. Mai 2022

Kjøkkelvik-Førde 18-28  (10-15): Martine Vindheim vart toppscorar med åtte mål då vi endeleg sikra oss vidare opphald i 2, divisjon. Etter ein jamn start på kampen i Olsvikhallen drog Førde frå mot slutten av første omgang, og etter pause var det ikkje mykje tvil om kva lag som var best. Det enda til slutt med utklassingssiffer.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn fortel at jentene leverte ein fantastisk kamp.

- Dei var på frå første sekund. Andrea Boge Solås stod som ein vegg i mål, Alexandra Afloarei og Maria Oppedal tetta i midten, og heile laget sprang og sprang. Vi spelte ein tredel av kampen med ein eller to spelarar mindre, men jentene heldt fokus og jobba som berre det. No er vi letta og veldig glade.

At motivasjonen og innsatsen var på topp viser talet på tominuttarar. Dommarane sende Førde-spelarar til benken åtte gonger, medan Kjøkkelvik berre hadde ei utvising. Det fortel også at dommarparet ikkje kan skuldast for å vere bortedommarar, men denne søndagen kunne ikkje slikt stanse Førde-jentene.

Måla til Førde: Martine Vindheim 8, Maria Oppedal 6 (2 på straffe), Emma Gloppestad 5, Oda Vindheim 4, Veslemøy Risnes Kjønås 3, Agnete Ørnehaug 1, Alexandra Afloarei 1.

Heia Førde! No kan vi sjå fram til 2. divisjonsspel også sesongen 2022/23.

Tekst: Kjell Arvid Stølen

Foto: Oddny Sønnesyn



Mange debutantar mot Stavanger

Postet av Førde IL - Handball den 14. Mai 2022


Stavanger-Førde 34-14 (14-8): Laget vårt reiste sørover med ein stor tropp for å spele mot Stavanger laurdag og mot Kjøkkelvik søndag. 

Fleire av våre samarbeidsklubber har spelarar med. I tillegg hadde vi heile fire debutanter; Pia Klocke, Amanda Hallstensen og Helen Vågene, alle frå Florø, og Thea Sønnesyn frå Sogndal. Sidan prioritet nummer ein er kampen mot Kjøkkelvik, fekk mange av dei nye sjansen til å kjenne på 2. divisjonsnivå mot Stavanger, som er som nummer tre på tabellen.


Det vart som venta tap. Det starta bra, men utover i første omgang viste Stavanger at dei er eit betre lag, og pauseresultatet vart 14-8. Det viktigaste utover i andre omgang vart å kvile dei mest sentrale spelarane og unngå skade. Til slutt stod det 34-14 på måltavla, etter at Stavanger scora 12 mål, vi ingen det siste kvarteret.

Mål til Førde: Oda Vindheim 3, Veslemøy Risnes Kjønås 3, Maria Oppedal 3 (1 på straffe), Maria Berglihn (frå Dale) 2, Martine Orrestad Andersen 1, Helen Grace Kent Vågene (frå Florø) 1, Ingrid Sofie Indre4bø 1. 

Toppscorar for Stavanger: Sunniva Torjussen 8.

Men denne kampen er fort gløymt. No handlar alt om to poeng mot Kjøkkelvik søndag.



Kamp for å overleve!

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mai 2022

Søndag klokka 14.00 startar kampen som kan avgjere om Førde skal ha lag i 2. divisjon også sesongen 2022/23. Motstandar er Kjøkkelvik, og arenaen er Olsvikhallen. Blir det tap der, er vi sist på tabellen, og då må vi vinne ein av kampane mot Gneist for å klare oss.

Men Førde reiser sørover med ein stor tropp og har trua på to poeng, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. Med er også fire debutantar frå Florø og Sogndal. Den einaste som manglar er Guro Horten Solberg, som fekk eit ribbeinsbrot i kampen mot Åsane. Maria Ullebust Oppedal var ikkje med mot Åsane og Viking. Denne helga er ho på plass.

Dersom kampen mot Kjøkkelvik skulle ende med poengdeling står Viking og Førde begge med åtte poeng. Då avgjer innbyrdes oppgjer. Førde vann haustkampen i Bergen med åtte mål, medan Viking vann med sju mål i Førde. Med andre ord, Førde går føre på innbyrdes oppgjer.

Men å satse på uavgjort i handball er ikkje enkelt, så målet er å vinne oppgjeret i Olsvikhallen, seier Oddny. Ho håpar at folk med hjarte for Førde IL Handball og som oppheld seg i Bergen eller omegn, tek turen til Olsvikhallen for å hjelpe til frå tribunane.

Det høyrer med til historia at Førde må lenger sørover for å spele mot Stavanger laurdag. Ser ein på tabellen ser ikkje sjansen til poeng i den kampen ut til å vere realistisk. Men Førde hengde godt med i delar av heimekampen (i Dale) mot Stavanger, og på ein god dag er ingenting umogeleg. Med to poeng der vil det heile vere avgjort før kampen mot Kjøkkelvik.



Handballmoro for j11 og foreldra

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mai 2022

Foreldra til J11-laget fekk køyrt seg, men fekk mykje moro på kjøpet, då trenar Monica Litsheim kalla dei inn til møte om Stordcup som jentene skal på i juni. 

Ho ynskte at foreldra ville vere med på trening og kamp etterpå.  Det vart ei gøy trening for både store og små. Foreldra vann kampen. Vi vart einige om at vi skal møtast til ny duell, så kanskje jentene vinn neste gong. 

Foto: Randi Bekken.



Tuva på bylaget til Bergen

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mai 2022

Tuva Tefre Kalstad  får ei fin avslutning på sesongen 2022/23. Ho er som den einaste frå vår klubb teken ut på laget til Bergen som skal vere med på bylagsturneringa i Stavanger denne helga. To jentelag og to gutelag reiser frå Bergen, under namna Førde og Bergen. Tuva er på laget som blir kalla Bergen.

Jentene spelar desse kampane laurdag: 

  • 13.00: Hamar - Førde
  • 14.30: Fredrikstad - Bergen
  • 16.00: Førde - Trondheim
  • 17.30: Bergen - Molde
 Resulteta laurdag avgjer vidare spel søndag. Kampane kan du følgje gjennom handball-live, og finalane blir streama.


Tuva Tefre Kalstad. Foto: Photoevent.



No kan dei gle seg til Førde Cup

Postet av Førde IL - Handball den 4. Mai 2022

Førde sitt J11-lag kan saman med mange andre lag sjå fram til ei kjekk helg med Førde Cup 26.-28. august. Etter to år utan dette høgdepunktet for Førde-handballen er Sissel Bruland Gurvin og hennar team i full gang med å planlegge arrangementet. I tillegg til å vere kjekt for deltakarane er det også ei kjærkomen inntektskjelde for Førde IL Handball.

Sissel fortel at dei har søkt Norges Håndballforbund om godkjenning av cupen, dei har laga arrangement på profixio, laga invitasjon og bestilt haller og skular til overnatting.

Det er sendt ut invitasjon til aktuelle klubbar i Møre og Romsdal og Vestland, og dei har funne ut kva dommarar som er aktuelle for cuphelga.

Det er og i gang arbeid med hotellpakker for tilreisande, dei har fordelt ansvarsområde for cupgjengen og innhenta prisar på t-skjorter.

 Men Førde Cup blir ikkje ein realitet utan eit skikkeleg dugnagsløft. Alle spelarane i klubben må stille denne helga.

Førde Cup blir arrangert same helga som Førde Opp, så det blir masse liv i Førde 26.- 28. august. 

Treng du vite meir om Førde Cup kan du klikke på Førde Cup 2022 i menylinja på heimesida. Då kjem du til Facebook-sida til cupen.




Tap mot botnlaget

Postet av Førde IL - Handball den 1. Mai 2022

Førde-Viking 22-29 (12-12): Førde-damene greidde ikkje å avgjere nedrykksstriden i heimekampen mot Viking, som låg sist med fire poeng før dagens kamp. Det gjekk vår veg i Rogaland, der Nærbø slo Kjøkkelvik 39-30, og dermed kunne vi ha sikra oss vidare 2. divisjonsspel om vi hadde vunne over Viking. Men heimelaget verka forknytt, det stokka seg i angrep, alt for mange av skota var lett match for Vikings keeper, Emily Marie Myrmo, som vart kåra til deira beste spelar. Ho redda mellom anna fem av dei seks straffekasta Førde vart tildelt. Vår kaptein, Oda Vindheim, (biletet) vart vår beste spelar med sju mål. Begge fekk premie frå kampsponsor Magne Hafstad AS.

I første omgang var forsvarsspelet bra, medan det halta veldig i angrepsspelet. Guro Horten Solberg var på bana berre eitt angrep. Eit ribbeinsbrot som ho pådrog seg i laurdagens kamp mot Åsane gjorde at ho måtte sjå resten av kampen frå benken. 

Stillinga ved pause var 12-12, og andre omgang starta bra. Vi var i leiinga ei stund, men så datt kvaliteten både i forsvar og angrep, og Viking scora på det meste. Til slutt stod det 22-29 på måltavla. 

Trass i tapet er vi framleis over nedrykksstreken med sju poeng, Viking og Kjøkkelvik har seks. Viking har sin siste kamp 4. mai mot Årstad og kan passere oss om dei vinn. Vi har eit viktig oppgjer att mot Kjøkkelvik 15. mai. I tillegg har vi att to kampar mot Gneist og ein mot Stavanger.

Trenar Øyvind Fougli Vraalsen sa etter kampen at resultatet avspeglar den treningskvardagen Førde har. Det er berre i kampar det er sjanse til å samspele laget.

Måla til Førde: Oda Vindheim 7, Martine Vindheim 4, Emma Gloppestad 3, Ingrid Sofie Indrebø 3. Martoine Orrestad Andersen 3, Veslemøy Risnes Kjønås 1, Alexandra Afloarei 1 mål.

Hannah Mirkovic Sønnervik vart toppscorar for Viking med 10 mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Tap mot topplag i Guro sitt come back

Postet av Førde IL - Handball den 30. Apr 2022

Førde-Åsane 16-32 (7-14): Ikkje uventa vart  Åsane for sterke då dei gjesta Førdehuset laurdag. Bergenslaget kjempar med Fyllingen om opprykk til 1. divisjon, og dei to poenga var viktige for dei. For Førde var kampen på mange måtar ei oppvarming til søndagens kamp mot Viking. Det er då det verkeleg gjeld. Guro Horten Solberg (biletet) spelte sin første kamp for Førde på 10 år og viste at ho framleis har mykje å gje på handballbana. Det vart ein god del pasningsfeil og tekniske feil på heimelaget, kanskje naturleg når det skal spelast inn ein ny bakspelarrekke. 

Det var aldri tvil om kor sigeren ville hamna, difor valde trenar Øyvind Fougli Vraalsen å la sentrale spelarar kvile mot slutten av kampen med tanke på morgondagens kamp mot Viking. Sandra Yndestad Engen, som har vore veldig treningsivrig, fekk vakte buret og fekk gleda av å gjere ei god redning.

Det viktigaste som skjedde laurdag sett med Førde-auge var at Hinna slo Kjøkkelvik 24-22, slik at Kjøkkelvik framleis er bak oss på tabellen. Dersom dei også taper mot Nærbø klokka 13 søndag, vil vi sikre vidare 2. divisjonsspel om vi vinn mot Viking.

Difor håpar vi at flest mogeleg tek turen til Førdhuset klokka 15 søndag for å hjelpe laget vårt.

Oda Vindheim vart kåra til beste Førde-spelaren og fekk premie (pizza på Peppes) av Arve Ekehaug frå kampsponsor og generalsponsor Sparebanken Vest. Hedda Skjelbreid Rønningen vart kåra til Åsane sin beste spelar.

Måla til Førde: Oda Vindheim 3. Amalie Haugsbø Ness  2, Martine Vindheim 2, Veslemøy Risnes Kjønås 2, Ingrid Sofie Indrebø  2, Emma Gloppestad 2, Martine Orrestad Andersen 1, Alexandra Afloarei 1, Guro Horten Solberg 1.

Toppscorar for Åsane vart Solveig Stefansdottir med ni mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Vi håpar på full tribune i helga

Postet av Førde IL - Handball den 28. Apr 2022

Denne helga skal Førde spele to 2. divisjonskampar i Førdehuset, mot Åsane laurdag klokka 16 og mot Viking søndag klokka 15. Åsane toppar tabellen, treng poeng for å halde Fyllingen bak seg og blir nok ei vanskeleg nøtt å knekke.  Viking, derimot, ligg sist på tabellen med fire poeng, og er eitt av laga Førde må slå for å overleve i 2. divisjon. To av poenga tok Viking mot Kjøkkelvik for vel ei veke sidan, så det kjem ikkje til å bli noko walk over.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn seier at vi må greie oss utan Maria Ullebust Oppedal denne helga. På den andre sida kjem Guro Horten Solberg  inn for å styrke laget.

Den tidlegare Førde-, Tertnes- og Larvik-spelaren stiller opp for å hjelpe oss. Emma Gloppestad, som sette inn 21 mål på to bortekampar før påske, håpar vi bli klar, men ho er redusert etter sjukdom, seier Oddny.

Guro Horten Solberg

 

Det at Førde må spele ein så viktig kamp dagen etter kampen mot Åsane kan synast litt tøft. Faktisk er det same tilfelle i bortekampen mot Kjøkkelvik. Då spelar vi mot Stavanger dagen før. Men Oddny Sønnesyn ser dette som ein fordel meir enn ei ulempe.

- Det er i kamp vi greier å samle alle på ein gong, og kvar kamp er ein god sjanse til å samkøyre jentene. Så får vi heller bruke laget med fornuft på dag 1 dersom vi ser at vi ikkje greier å ta poeng. Det er tett kampprogram for mange av lagano for å bli ferdige med serien.

Og skal jentene yte sitt aller beste er det viktig med støtte frå tribuna. Førde IL Handball håpar at alle med eit hjarte for klubben tek turen til Førdehuset.




Vi vil styrke arbeidet med rekruttering

Postet av Førde IL - Handball den 26. Apr 2022

Førde IL Handball har som mål å ha eit damelag høgt oppe i divisjonssystemet. For å nå det målet må arbeidet med å rekruttere gode spelarar frå eigne jentelag styrkast. Vi vil og ha meir satsing på gutehandball, for på sikt å få i gang att eit seniorlag for menn. Difor vil Øyvind Fougli Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad (biletet) frå og med sesongen 2022/23 få ansvaret for aldersbestemt handball, med Fougli Vraalsen som sportsleg leiar. Dei to har den siste sesongen hatt ansvaret for 2. divisjonslaget til Førde. Før det gjorde dei ein flott jobb med å byggje opp aldersbestemte lag i Sogndal.

Ansvaret for damelaget vårt er det Øyvind Indrebø, Oddny Sønnesyn og Kjersti Erichsen som skal ha frå og med komande sesong. Øyvind Indrebø blir hovudtrenar. Han har lang erfaring som trenar på høgt nivå både for Jotun, Gloppen og Førde.  

Frå v. Oddny Sønnesyn, Øyvind Indrebø og Kjersti Erichsen.



Endeleg kom sigeren!

Postet av Førde IL - Handball den 23. Apr 2022

Førde-Hinna 26-25 (14-12): Litt uventa, men desto meir velkomne, var dei to poenga Førde skaffa seg mot Hinna i Førdehuset laurdag ettermiddag. Hinna, som ligg på fjerdeplass på tabellen, kom nok ikkje til Førde med sitt aller sterkaste lag. Likevel var det ein sterk og heilhjarta prestasjon av heimelaget, som måtte greie seg utan Emma Gloppestad. Ho scora 21 mål på dei to siste kampane. Men dei som var tilgjengelege gjorde jobben sin.

Det var jamnt heile første omgang, som regel med Førde eitt og to mål føre. Martine Vindheim sleit litt med å få nettkjenning i starten, men når ho først kom i siget, var ho ustoppeleg. Det enda med ti spelemål, og ho vart kåra til beste spelaren på Førde. Premien var ein sekk frå kampsponsor Enivest. På biletet ser vi henne saman med Alex (Alexandra Afloarei), som gjorde comeback og bidrog med godt forsvarsspel. Det bør nemnast at begge målvaktene våre, Andrea Boge Solås og Anna Schrøder, hadde mange viktige redningar.

Det stod 14-12 til Førde ved pause, utover i andre omgang var det framleis jamnt, og Hinna tok leiinga i kampen for første gong på stillinga 18-19. Så kom ein sterk Førde-periode, og sju minutt før slutt stod det 26-22 på måltavla. Men det skulle bli spennande heilt ut. I angrep vart det stang ut, og Hinna reduserte til 26-25 med eitt minutt igjen. Det vart sluttresultatet, og dermed to veldig etterlengta poeng. No er vi over nedrykksstreken, vi har sju, Kjøkkelvik seks og Viking fire poeng. Og vi skal møte begge desse laga. Viking er motstandar heime 1. mai. Då håpar vi litt fleire møter opp enn mot Hinna.

Måla til Førde vart scora av Martine Vindheim (10), Oda Vindheim (5), Maria Ullebust Oppedal (5), Veslemøy Risnes Kjønås (2), Ingrid Sofie Indrebø (2), Amalie Haugsbø Ness (1) og Martine Orrestad Andersen (1).

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Er du med oss mot Hinna?

Postet av Førde IL - Handball den 21. Apr 2022

Laurdag 23. april klokka 16 er det kamp igjen i Førdehuset. Motstandar er Hinna, som ligg på fjerdeplass på 2. divisjonstabellen med 22 poeng. Siste kampen deira enda med 11-målssiger mot Ålgård 2. Med andre ord eit lag som på papiret er betre enn Førde. Men å tape på førehand er heilt utenkeleg for jentene våre.

Kaptein Oda Vindheim vart skadd i siste bortekampen. Ho er i betring, men det er usikkert om ho kan spele mot Hinna, seier mor og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. Også Agnete Ørnehaug er plaga med kneskade, og ho blir ikkje med laurdag.

På plussida kan vi ta med at Alex (Alexandra Aflorei) stiller opp for å hjelpe oss. Rutinen hennar vil vere ei god hjelp, ikkje minst i forsvarsarbeidet.

Vi har tidlegare skrive at vi kan greie oss med berre eitt lag bak oss fordi Ålgård2 må ned i 3. divisjon på grunn av at førstelaget deira rykkjer ned frå 1. divisjon. Så enkelt er det ikkje. For det er det nestsistelaget som har flest poeng i alle 2. divisjonsavdelingane som vil unngå nedrykk. Og der ligg vi ikkje særleg godt an. Så vi må ha både Kjøkkelvik og Viking bak oss om vi skal greie oss. I kveld (torsdag) vann Viking 30-26 over Kjøkkelvik. Det gjer at vi framleis er berre eitt poeng bak Kjøkkelvik, som har seks, vi har fem og Viking fire poeng. Og vi har mange kampar å gjere det på, mellom anna heime mot Vikinjg og borte mot Kjøkkelvik.

Tekst: Kjell Arvid Stølen

Foto: Photoevent



Surt tap etter flott opphenting

Postet av Førde IL - Handball den 10. Apr 2022

Ålgård 2-Førde 27-26 (18-12): Ei fantastisk opphenting i andre omgang gjorde at Førde var så nær, så nær poeng i bortekampen mot Ålgård 2. Vi låg bak med seks mål ved pause, og det heldt fram på same måten i starten av andre omgang. På det meste leia Ålgård 22-13. Men då kom ein uhyre sterk Førde-periode med seks mål utan at Ålgård kvitterte.  Og vi var likt på 25-25 og 26-26. Men eit halvt minutt før slutt scora Ålgård 2 på straffekast, og vi greidde ikkje å få ballen i nettet i dei sekunda som var att. Veldig surt etter ein så flott omgang!

Kampen starta jamnt, og Emma Gloppestad (biletet) sette inn tre mål før det var gått seks minutt. Men så måtte kaptein Oda Vindheim ut med kneskade etter sju minutt, og då fekk heimelaget etter kvart eit forsprang som auka til seks mål ved pause. 

- Så gjorde vi nokon endringar i forsvar og fekk sett det og starta ei fantastisk opphenting der Martine, Emma og Andrea gjekk i front. Vi fekk straffe tre sekund før slutt, men bomma dessverre på den, og dermed blei det eit surt tap. Men ein flott 2. omgang å bygge vidare på til seinare kampar, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Martine Vindheim vart kåra til banas beste. Foto Kjell Arvid Stølen.

 

Emma Gloppestad gjorde igjen ein kjempekamp med 11 mål, fire av dei på straffekast. Med ti mål mot Fyllingen laurdag kom ho opp i 21 mål denne helga. Ingrid Sofie Indrebø sette inn fem fulltreffarar, det same gjorde Martine Vindheim, medan Amalie Haugsbø Ness sette inn fire mål og Martine Orrestad Andersen eitt.

Martine Vindheim vart kåra til best på bana.

Ingrid Sofie Indrebø scora fem mål. Foto: Kjell Arvid stølen.

 Førde måtte greie seg utan Maria Ullebust Oppedal denne helga. Det er fare for at vi må greie oss utan Oda Vindheim også i serieinnspurten, etter kneskaden mot Ålgård. - Vi fryktar det verste, seier mor og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.

Foto av Emma Gloppestad: Oddny Sønnesyn.



J16 fullførte sesongen med stil!

Postet av Førde IL - Handball den 9. Apr 2022

VVi kapra tre poeng på dei siste to kampane mot Florø og Eid!

Mot tabelltoar Florø heime torsdag så heng vi litt bakpå frå start. Vi slit med å få ballen i mål, mens forsvarsspelet på den andre sida er relativt greit. Vi går til pause på stillinga 10-6 til Florø. Halvvegs ut i 2. omgang begynner det omsider å losne framover. Florø har ein stabil ledelse på 3-4 mål heilt til det er om lag 10 minutt igjen av kampen. Då begynner vi å finne ordentlig ut av ting framover. Vi tettar gradvis luka, og frå det 15. til det 23. minutt set vi ballen seks gonger i nettet bak Florø-målvakta utan at Florø klarar å kvittere. 

Plutseleg er det vi som er foran og har muligheit til å avgjere det heile. På stillinga 15-14 set vi opp eit godt forsvar som gjer at Florø må avslutte på frikast. Dessverre får dei stjernetreff på sitt siste desperate forsøk på å få ballen i mål. Vi får dessverre ikkje nok tid til å skape ein siste god nok sjanse, og det ebbar ut på uavgjort og 15-15. 

Ein kamp som viser at vi fortsatt har litt å gå på framover, mens forsvars- og målvaktspelet gjennom heile kampen er fantastisk bra. Berre fem baklengs i 2. omgang!  Eitt poeng ut frå kampforløpet må vi seie oss veldig godt fornøgd med! Mange lag ville med 4-5 mål bak på eit så seint tidspunkt i kampen kanskje gitt halvvegs opp, men denne gjengen held berre fram med å imponere oss meir og meir! 

Til motsetning frå tidlegare har vi no begynt å spele med ein enorm fightervilje og glød uansett resultat heilt til sluttsignalet går, og det har vi og no begynt å få betalt for! 

Laurdag møtte vi Eid til sesongens siste kamp. Då vi møtte Eid i januar spelte vi vår desidert verste kamp og vi var veldig klare på at det ikkje skulle skje igjen! Etter å ha køyrt gjennom fleire årstider med regn, snø, sludd heile vegen frå Førde, troppa vi opp i garderoben i Eid Idrettshus. Der blei vi einige om at det var viktig å vere «på» med ein gong i forsvar, då vi visste at Eid var hissige på å køyre høgt tempo med ein gong frå avkast og ta tidlige avslutningar. 

Bakover fortset det gode spelet frå dei siste kampane, men vi får, som litt for ofte denne sesongen, ein litt treig start på kampen framover der vi gjer nokre smånervøse vurderingar som gjer at vi mistar ballen eller pådrar oss tekniske feil. Eid er i føringa fram til rundt det 8. minutt. Deretter begynner vi å ta dei riktige vurderingane i duellspelet og finne lukene framover. Vi trykker betre på i etablert angrep, spelar med litt betre avstand til Eid-forsvaret og skapar meir ubalanse i rekkene deira. 

Derifrå og ut ser vi oss ikkje tilbake resten av kampen. Vi rir på leiinga og har ei luke på mellom tre og fem mål heile vegen ut. Stillinga til pause er 15-11. 2 omgangen fortset i same spor som den første. Vi jobbar godt bakover og lukkast godt med samarbeidet mellom kven som tar ansvar for bakspelar og linje, og med nokre unntak kjem vi på ballsida av linja ofte nok til å øydeleggje Eids forsøk på å utnytte linjespelaren sin. 

Ein liten periode der vi får to raske tominuttarar mot oss gjer at vi nok ein gong trudde vi kom til å gjere dette til ein altfor spennande batalje, men vi slepp unna med skrekken og rir av stormen utan å få hjertet altfor langt opp i halsen denne gongen. 

Vi vinn til slutt 25-21! På minussida ein kamp med litt mykje tekniske feil og der vi skyt Eid-målvakta altfor god, mens på plussida spelar vi nok ein glimrende og stabil målvakts- og forsvarskamp, og når vi verkeleg får flyt på angrepsspelet og tar tak i duellspelet så er vi gode! Det kan ikkje understrekast nok kor viktig det er å terpe på å meistre duellspelet i handball og sette opp angrepa godt nok til å utnytte duellspelet til vår fordel. Her har vi fortsatt mykje å gå på, men det skal vi fortsette å jobbes hardt med. 

Alle spelarane bidrar sterkt på kvar sin måte til sigeren, og vi scorar frå alle posisjonar og i alle spelets fasar! Totalt ein sesong som resultatmessig har snudd totalt på hovudet frå før jul til etter jul! Etter sju strake tap og mykje stang ut trykte vi verkelig på gasspedalen og snudde trenden. Etter jul har vi tatt fem sigrar, spelt uavgjort to gongar mot to av topplaga og berre hatt eitt tap. Med dagens siger klatra vi og to plassar på tabellen, sjølv om den pga pandemien i år kanskje ikkje er like representativ for alle lag. 

Vi er sjølvsagt aller mest opptatt av utviklinga til jentene, og den føler vi har hatt ein stigande og god kurve heile vegen og slik håper vi at det held fram. Deilig å avslutte sesongen på denne måten, og no skal vi ta ein velfortent påskeferie med godt samvit. Neste mål er Bergen Cup i sommar!

Tekst og foto: Eivind Stølen.

Nøgde jenter på ferja på veg heim.

 



Tap mot Fyllingen

Postet av Førde IL - Handball den 9. Apr 2022

Fyllingen-Førde 39-21 (16-10): Martine Orrestad Andersen (biletet) sette inn tre mål då Førde gjesta eitt av topplaga i 2. divisjon, Fyllingen laurdag. Vi møtte eit betre lag, ikkje uventa. Men det var ting å gle seg over, mellom anna at Emma Gloppestad var med igjen. Ho gjorde ein god kamp og sete inn ti mål, fire av dei på straffekast. Synne Bakke Dvergsdal frå Sogndal fekk sin 2, divisjonsdebut.

Synne Bakke Dvergedal

 

Søndag står Ålgård 2 for tur i Rogaland, eit lag det er større sjansar for poeng mot enn Fyllingen.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 10 (4 på straffe), Martine Vindheim 4, Martine Orrestad Andersen 3 (1 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 1, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1, Oda Vindheim 1, Ingrid Sofie Indrebø 1.



Guro vil hjelpe oss i serieinnspurten

Postet av Førde IL - Handball den 7. Apr 2022

I går vann Kjøkkelvik 36-30 over Årstad og har passert Førde på tabellen. Vi ligg dermed under nedrykksstreken. Men fortvil ikkje! Det er lys i tunnelen. Eitt av dei er Guro Horten Solberg. Ho var med på starten av Førde sin veg mot 1. divisjon. I sesongen 2011/12 rykte vi opp frå 4. til 3. divisjon, og Guro var ei viktig brikke i arbeidet med å endre Førde frå eit nokså ordinært 4. divisjonslag til eit lag med profesjonell haldning til handballen.

No vil ho ta i eit tak igjen.

Guro kom til Førde i august 2010, då ho tok til i turnus som fysioterapeut på Førde Sentralsjukehus. Noko av det første ho og mannen gjorde var å gå på fotballkamp for å sjå Førde i ein 2. divisjonskamp. På tribuna møtte ho Oddny Sønnesyn.

- Eg blei raskt med på ei Førde-trening. Og mannen min, Marius, begynte å trene og spele med Førde fotball. Vi blei tatt veldig godt i mot, og dottera mi, som då var sju månader, hadde meir enn nok jenter til å passe seg mens eg var på trening. 

- Det var gøy å få vere med og spele Førde opp i 3.divisjon, og det var fleire unge spelarar som fekk prøvd seg. Som tidlegare elitespelar i Larvik og i Tertnes stilte eg nok andre krav , og var vant til ein heilt annan treningskultur enn det som var gjort tidlegare i Førde. 

- Etter endt turnus har eg fylgt Førde på avstand mens dei klatra oppover i divisjonssystemet, og det har vore gøy å følgje med.

Foto: Svein Andre Svendsen.

 

Det var eit nytt møte med Oddny Sønnesyn no i vinter som gjer at Guro no vil hjelpe klubben ho ikkje har spelt for på ti år. Ho bur i Porsgrunn, men var ein tur til Bergen ei helg Førde spelte kamp der, og møtte opp for å sjå på. Og gjensynet med Oddny resulterte i at ho melde seg til teneste.

Guro har ikkje spelt aktivt på ei stund, men handballen har likevel fylt det meste av fritida.

- Dei siste to åra har eg vore trenar for eit 4.divisjonslag, men gav meg før inneverande sesong då dei rykte opp i 3.divisjon. Eg har heile tida jobba som privatpraktiserande fysioterapeut med idrettsmedisin som interessefelt. Det resulterte i at eg var fysioterapeut for Larvik håndballklubb i perioden 2015-2019, og hausten 2019 blei eg tilbydd å vere fysioterapeut/medisinsk ansvarlig for LK04, altså landslag kvinner fødd 2004/2005. Planen er å følgje dei til dei er seniorspelarar.

Guro har to barn på 12 og ni år, og der i familien er det fotball som gjeld. Og for Guro litt handball for Førde i nokre veker. Ho krev ikkje pengar for å vere med, men Førde IL Handball betalar reisekostnadene hennar.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i Førde IL Handball er glad for å få ein kapasitet som Guro Horten Solberg med i dei siste kampane.

- Sist ho spelte for oss hadde ho med seg ein vinnarvilje, treningskultur og profesjonalitet som var svært nyttig. Ho blei ein tydeleg referansespelar for dei rundt seg, og med henne i front rykte Førde opp til 3.divisjon den sesongen. 

- Guro har ikkje spelt aktivt dei siste sesongane, men handball er fortsatt ein stor del av livet hennar. Grunnen til at vi har henta inn Guro er fleirdelt. Vi trur ho kan bidra med profesjonalitet, tryggheit og erfaring i kampen om å behalde plassen i divisjonen, noko som er svært viktig for oss. 

- Stallen vår er tynn, og det har vore krevjande å få kabalen rundt bruk av samarbeidsspelarar til å gå rundt, så ho vil vere ein spelar vi veit vi har tilgjengeleg i dei siste kampene. Så er ho i tillegg venstrehendt, noko som gir angrepsspelet vårt ein ekstra dimensjon. Og sist, men ikkje minst….Guro sin flotte personligheit vil garantert verke positivt inn i spelargruppa. Vi er svært glade for at Guro har sagt ja til å hjelpe oss, og vi gler oss til å få henne inn i gjengen, seier Oddny.

Eit anna moment som gjer at vi har grunn til å sjå meir positivt på sjansen til å halde oss i 2. divisjon, er at Ålgård sitt førstelag etter alt å døme rykkjer ned frå 1. divisjon. I så fall må andrelaget deira ned til 3. divisjon. Dermed treng vi berre ha eitt lag bak oss på tabellen. Akkurat no har Førde fem poeng, Viking har to. Og vi møter Viking i Førdehuset 1. mai. Det blir ein nøkkelkamp, og då håpar vi at alle med hjarte for Førde IL Handball møter opp for å heie fram Førde med Guro Horten Solberg på laget!

Tekst: Kjell Arvid Stølen.



Sparebanken Vest held fram som hovudsponsor

Postet av Førde IL - Handball den 4. Apr 2022

Sparebanken Vest har vore hovudsponsor for Førde IL Handball dei siste åra. No er ein ny avtale underskriven for tre år framover, og med det signaliserer banken at dei vil vere ein støttespelar ikkje berre når det er sportsleg suksess å sole seg i glansen av. For etter nedrykket frå 1. divisjon og med tap av mange spelarar på grunn av pandemien, slit damelaget til Førde med å halde seg over nedrykksstreken i 2. divisjon.

No er det fullt fokus på å ta dei poenga som skal til for å berge plassen, men på lengre sikt er målet å nå toppen av 2. divisjon og kanskje endå ein gong ta steget opp i 1. divisjon. I det arbeidet er støtta frå Sparebanken Vest uvurderleg.

Men sponsorstøtta handlar ikkje berre om damelaget. Skal vi nå måla våre må det satsast heilhjarta på breidde. Det å få fram gode handballtalent frå eigen stall er eit vilkår for framtidig suksess. Også her er Sparebanken Vest med på laget.  Laga i aldersavgrensa klassar har nett fått nye drakter med logoen til banken på brystet.

Med Sparebanken Vest på laget har vi i Førde IL Handball trua på at vi skal nå måla våre.

På biletet ser vi frå venstre: Banksjef i Sparebanken Vest, Jørgen Follevåg Mjelleli, Andrea Boge Solås (visekaptein 2. div.), leiar i Førde IL Handball, Rune Øksenberg, Veslemøy Risnes Kjønås (viskaptein 2. div.), Oliver Solheim Klakegg (G16) og Cathia Baarøy, finansiell rådgjevar i Sparebanken Vest.

 

Rune Øksenberg

leiar




To poeng på både jente- og gutelaget

Postet av Førde IL - Handball den 3. Apr 2022

Både J16 og G16 hadde heimekamp denne helga, og begge sikra seg triumfar. Medan jentene køyrde over eit svakt Jotun-lag, vart det desto meir spennande då gutane møtte Stryn søndag. 

- Endeleg vann vi ein velfortent siger, seier trenar Geir Eikås. Godt forsvarsspel og ein god keeper la grunnlaget for ein velfortent siger over Stryn i Førdehuset. Etter ein noko treg start der vi låg under med fem mål, fikk Førde  opp dampen og var berre eitt mål bak til pause.
 Ein god pauseprat og eit heiltent Førdelag tok kjapt styringa i andre omgang og gav aldri frå seg leiinga att. Med litt meir konsentrasjon og tolmod  i angrep, kunne sigeren fort blitt større.

Gutane var litt tafatte i starten av kampen og låg under 2-7, men tok seg godt opp, og var best i andre omgang. Til slutt stod det 26-23 på måltavla. 

 Ellers var dei ei utruleg fin ramme rundt kampen, med innløp, musikk og utdeling av premie til beste spelar på kvart av laga. I hard kamp med fleire andre på laget vart Georg kåra som beste spelar på Førde. 

Takk til 16-årsjentene som løyste rolla som speaker på ein framifrå måte. La oss få fleire slike kampar og arrangement i Førdehuset, seier Eikås.

J16 vann laurdag komfortabelt 37-8 over Jotun. Oppskrifta bak sigeren var tøft og godt forsvarsspel og målvaktspel heile kampen gjennom. Etter kvart får vi og fart på kontringsspelet. Imponerende av jentene som ikkje let seg friste til å sleppe seg nedpå, men heldt i staden oppe konsentrasjonen bakover i 2 x 25 minutt sjølv om vi ledar 17-4 til pause. Samtlige utespelarar teikna seg og på scoringslista.  



Knapp, men deilig siger på Sandane

Postet av Førde IL - Handball den 1. Apr 2022

J16 var torsdag på tur til Sandane for å møte tabellnabo Gloppen. Heimelaget tar raskt føringa i kampen både spelemessig og på resultattavla. 

Vi heng ikkje heilt med i duellane bakover og lar Gloppen få dunke inn fleire mål frå innanfor 9 meter eller frå linja. I periodar set vi inn nokre gode taklingar og viser litt musklar, men det blir litt for lenge mellom desse øyeblikka. Framover viser vi til tider gode takter både i etablert og ankomst, men brukar ofte litt for lang tid med ballen og blir nokså forutsigbare. Gloppen går fortjent til pause med 14-11 leiing etter å ha ført omgangen med stort sett 2-3 mål foran.

I pausen blir vi einige om at forsvarsspelet må opp nokre hakk og det begynner sakte, men sikkert å vise seg etter pausen. 2 omgangen begynner litt nølande, men så begynner vi å hente oss inn igjen. Vi får gradvis kontakt og etter 15 spelte minuttar er vi oppe på uavgjort og forbi. Vi er foran med 20-18 vel 8 minutt før slutt. Ein litt dårleg periode gjer at Gloppen scorar 3 på rappen og tar tilbake leiinga. Dei siste minutta bølgar fram og tilbake i spenning, men vi spelar knalltøft i forsvar når det virkelig gjeld. Vi scorar på våre 2 siste sjansar dei siste minutta, mens Gloppen set begge sine utafor mål, noko som resulterer at vi vinn 23-22, med knappast mogleg margin. Spenning klarar vi sjølvsagt å lage igjen! og igjen! 

Ein herleg lagsiger, der alle er med å drar lasset! Vi må sjølvsagt fortsette å jobbe hardt med element som vi endå har forbetringspotensiale på. No ser vi fram til arrangements kamp på lørdag mot Jotun!

I dag var det fint å være kvit og svart!



Gutar 16 - endeleg ein triumf!

Postet av Førde IL - Handball den 27. Mar 2022

Trenar Geir Eikås fekk ikkje med seg meir enn sju spelarar til bortekampen mot Jotun, men det skulle vise seg å halde i massevis. For det vart ei rein overkøyring av heimelaget i Årdalshallen. Etter 21-7 til pause vart det til slutt 34-13 til våre gutar. Sesongens første topoengar vart ein skikkeleg braksiger.

Jotun fekk det første målet, men deretter kom det fire Førde-scoringar på rad, og slik heldt det fram. Jotun har eit par bra skyttarar, men godt forsvarsspel av våre gutar gjorde at det var vanskeleg å få ballen i nota bak Steffen Lauritsen Lundekvam.

Verre var det for Jotun-keeperen. Særleg tre av Førde-spelarane var i skikkeleg skothumør. Jonas Espeseth, Knut Olav Nygård Eldevik og Vegard Drage Skreien noterte seg for åtte mål kvar, medan Jakob Hoff sette inn seks (to på straffe) og Matheus Diaz Boge fire.

No håpar Eikås at gutane syner like gode takter når dei møter Stryn, og at dei som ikkje kunne vere med til Øvre Årdal også får oppleve å vinne ein kamp.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.



Maria vår beste i seksmålstap

Postet av Førde IL - Handball den 26. Mar 2022

Førde-Tertnes 20-26 (7-12): Dei siste 40 minutta av seriekampen mot Tertnes var oppløftande og gir håp om viktige poeng i kampar der vi møter dei andre laga i nedrykksstriden,først og fremst Viking og Kjøkkelvik. Ein svak periode i første omgang var hovudårsaka til tapet. Etter ein OK start der det stod 2-2 etter fem minutt, kom det eit kvarter der lite stemte. Forsvarsspelet var ikkje så ille, men i angrep var det lite trøkk, mange feilpasningar og for dårlege avslutningar.  Dermed stod det 3-10 på måltavla etter 20 spelte minutt. 

Derifrå og inn beit Førde-jentene godt frå seg. Til pause stod det 7-12. I andre omgang var leiinga til Tertnes ei stund nede på fire mål, men noko nærare kom vi ikkje. Det var likevel ein god del å gle seg over. Maria Ullebust Oppedal, som har meldt seg til teneste etter å ha vore borte frå handball i to år, nærmar seg gamle høgder, og ho fekk eit gåvekort frå Coop etter å ha blitt kåra til beste spelaren på heimelaget. Ho prikka inn sju mål og gjorde også ein god kamp i forsvaret.

Ina Borlaug blir gratulert med kampen av leiar i Førde IL Handball, Rune Øksenberg.

 

Ina Borlaug vart kåra til beste spelaren på Tertnes og var deira toppscorar saman med Margunn Snekkevik Vik med seks mål kvar. Tidlegare Førde-spelar Emilie Myklebust Sande sette inn fem mål.

Måla til Førde: Maria Ullebust Oppedal 7, Oda Vindheim 5, Martine Orrestad Andersen 2, Martine Vindheim 2, Veslemøy Risnes Kjønås 2, Ingrid Sofie Indrebø 2.

Det var bra oppmøte på tribunane i kampen mot Tertnes og til tider bra trøkk. Vi håpar at dei som var der kjem igjen på den siste heimekampane våre.

 

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Marit og Kjerstin best på kvart sitt lag

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2022

"Våre to" i norsk topphandball, Marit Ova Bøyum og Kjerstin Boge Solås, vart begge kåra til beste spelaren på laga sine i seriekampar onsdag kveld. Laget til Marit, Fana, hadde heimekamp mot Fredrikstad, og såg ut til å cruise inn til klar heimesiger. Etter 16-13-leiing ved pause auka dei til sjumålsleiing eit stykke ut i andre omgang. Men derifrå og inn var det nesten bråstopp, og eit halvt minutt før slutt leia Fredrikstad med eitt mål. Etter ein timeout greidde Fana å sette inn utlikningsmålet, slik at det enda 29-29.

Marit Ova Bøyum sette så absolutt sitt preg på kampen. Ho sette inn seks mål, var nest sist på seks og skaffa laget sitt eit straffekast som resulterte i mål. Og  ho vart altså kåra til beste spelaren på Fana i denne kampen.

I Trondheim var Kjerstin Boge Solås omtrent like sentral for Byåsen, som vann 26-20 over Oppsal. Men både ho og resten av laget var langt frå sitt beste nivå i starten av kampen. Det gjekk 13 minutt før Byåsen scora. Då hadde botnlaget Oppsal sett inn fire mål. 

Men dei henta seg inn, slik at pauseresultatet var 11-11. Og utover i andre omgang viste Byåsen seg frå ei betre side. Kjerstin sette inn fem mål, var nest sist på fire og skaffa Byåsen eitt målgivande straffekast og vart kåra til den beste spelaren på heimelaget.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.

Foto av Marit: Bjørn Erik Nesse

Foto av Kjerstin: Lars Skaug.



Harde duellar og mykje handballmoro

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2022

For 2013-kullet har det blitt tradisjon med cup internt i klubben mellom jente- og gutelaga to gonger i året, ofte før jul og på tampen av sesongen.  Onsdag 23. mars var det klart for nye duellar. Ein merkar på spelarane at det står mykje prestisje på spel, og innsatsen er skrudd opp eit hakk eller to.   Jamne kampar med godt forsvar og angrepsspel. Ein ser stor framgang frå eit halvt år tilbake.  

Nokre av spelarane har spelt handball i fleire år allereie, og nokre er nye denne sesongen.  Til saman rundt 30 spelarar i kullet.  Etter eit par amputerte sesongar på grunn av Covid har dette vore ein normal sesong.  

To gutelag og tre jentelag har delteke i cupar i Gaular, Høyanger, Førde, Askvoll, Florø og Eikefjord.   Denne sesongen er på hell, og laga i denne aldersgruppa tek pause etter påske. Vi ser allereie fram til neste sesong.  

Takk til foreldre som stilte som publikum og dei to dommarane Violet og Matheus. 

Tekst og foto: Halvard Seljesæther.



Hjelp damene våre til poeng!

Postet av Førde IL - Handball den 21. Mar 2022


Laurdag er det klart for ny heimekamp i 2. divisjon i Førdehuset. Motstandar er Tertnes2. Det gjekk fint i den forrige heimekampen, vi slo Nærbø 28-20. Like bra gjekk det ikkje borte mot Årstad, men vi held oss stadig over nedrykksstreken. Både Kjøkkelvik og Viking har hatt kampar i det siste. Ingen av dei har teke poeng, så dermed er dei framleis bak oss.

Tertnes er eit på papiret sterkare lag, dei ligg på sjetteplass med 16 poeng. Men greier vi å stille med vårt beste mannskap og publikum er med oss, er ingenting umogeleg. Så møt opp for å heie!



Heim frå Årdal med to poeng og perlehumør!

Postet av Førde IL - Handball den 19. Mar 2022

Laurdag var det ny kamp for J16 i Årdal borte mot Jotun. Med Dale-kampen frå tirsdag friskt i minnet var det ein tent og motivert gjeng som møtte opp på Førdehuset presis kl 0715 for å sette seg på den to og ein halv timar lange turen til Øvre Årdal. Etter avslapping og litt soving på enkelte første delen av turen, så blei det oppladning med allsang etter ferja og siste delen av turen! Fokuset før kamp var å opprettholde den gode konsentrasjonen frå Dale-kampen så godt som mulig i 2 x 25 nye minutt og ta motstanderen på like stort alvor uansett nivå.

Jotun sto i likheit med oss med lite poeng før kampen og hadde nok minst like lyst til å vinne. Ettersom Florø 2, eit lag begge dagens lag hadde slått, har trekt laget sitt frå serien, så sto ingen av laga i teorien med nokon obligatorisk siger, ifølge tabellen. Det virka som bussturen sat litt for godt igjen i beina dei første 5-10 minutta. Vi kjem litt nølande i gang frå start i angrepsspelet og slit litt med å få ballen i mål dei første angrepa. Vi tar likevel føringa i kampen og kjem foran med eit par mål frå start. I forsvar jobbar vi kjempebra og lykkast med å flytte flest mulig spelarar rundt der ballen befinner seg til einkvar tid, samtidig som vi er aggressive i duellspelet og får hjelpt keeper godt på distanseskot. I samanheng med at vi etterkvart får betre fart på angrepsspelet, finn vi måtar å opne opp forsvaret til Jotun på, som gjer at vi sakte, men sikkert begynner å sige frå. Ein god sluttspurt på omgangen gjer at vi går til pause med ei 15-6 leiing! 

I pausen nullstiller vi oss og forsøker å ha fokus på viktigheten av å halde konsentrasjonen oppe for å unngå å sleppe Jotun inn i kampen igjen. Vi aukar gradvis ledelsen med nokre få mål utover omgangen og har stort sett brukbar kontroll på kampbildet. Når vi har moglegheit prøver vi kampen gjennom å køyre etter med tempo i ankomst- og kontrafasen for å forsøke å skaffe oss nokre enklare mål, noko vi lykkast med innimellom. Siste del av kampen forsøker vi å eksperimentere litt meir både framover og bakover. Dette, i samanheng med litt slitne bein og ein lang busstur bak oss, gjer at konsentrasjonen glepp noko i periodar, sjølv om vi og her glimtar til. Vi fullfører med stil og vinn til slutt fortjent 28-14! Ein glad gjeng kunne dermed sette seg på bussen igjen og fortsette allsangen heile veien heim igjen mot Førde! Totalt sett ein kamp med mykje godt spel. Vi får og rullert godt på laget i dag.

Målvaktsspelet er også i dag av eit meget godt kaliber, der Elise bidrar med masse flotte redningar både på nærskot og frå distanse! Det er kjekt frå sidelinja og tribuna og sjå god utvikling! Samtidig har vi fortsatt mykje vi må jobbe med og element i alle spelets fasar vi stadig kan bli endå betre på! Dette var eigentleg sesongens andre siger og femte poeng, men ifølge tabellen er det no 3 poeng og årets første tellande siger. No har vi igjen 4 kampar, bortekampar mot Gloppen og Eid og heimekampar mot samme lag Jotun, samt Florø. Det blir viktig å fortsette å jobbe hardt på trening, ta alle motstanderar på like stor alvor og være så godt påskrudd som mogleg i siste del av sesongen! Handball var som alltid og kjekt i dag! Til slutt tusen takk til vår herlige og smilande sjåfør Roger Kalstad, som med sine stødige hender på bussrattet, sørga for at vi kom oss trygt frå Førde-Årdal tur retur med den største fornøyelse!

Tekst: Eivind Stølen.



Eit heilt rått poeng mot Dale!

Postet av Førde IL - Handball den 15. Mar 2022

J16 tok tirsdag kveld imot Dale til seriekamp i Førdehuset. Sesongen så langt for vår del har vore prega av flott og gradvis utvikling, der vi stadig tar nye steg. Resultatmessig har det vore litt stang ut. Vi har spelt fleire jevne kampar, der vi ikkje heilt har klart å bikka kampane i vår favør, med unntak av ein sterk siger mot Florø 2. Tendensen har vore at vi ikkje har vore heilt påskrudd mot jevngod motstand, mens vi har spelt mykje betre mot antatt sterkare lag.

Dale, som truleg er seriens beste lag og som og har spelt Bring-kvalik, hadde vi først og fremst ein målsetning om å spele ein så god kamp som mogleg mot. Vi stilte med fullt mannskap. Vi var klar over at Dale kom med sitt vanlige 3-2-1 forsvar og hadde fokus på før kamp korleis vi ut frå dette kunne løyse det etablerte angrepsspelet best mogleg. 

Vi er heilt med og tar føringa frå start. Samspelet fungerar utruleg bra både framover og bakover og vi treff på det meste av skot og sjansar framover på bana. Samtidig jobbar vi som heltar bakover, får flytta beina og skyvd etter heile tida slik at vi tvingar Dale til å spele nokre lengre angrep og hindrar dei å komme til gode sjansar. Vi går til pause med 15-11 ledelse etter ein forrykande omgang. 

I pausen hadde vi fokus på å holde konsentrasjonen og det gode spelet oppe. Vi startar dei første minutta heilt greit og på eit punkt er vi foran med 5 mål, på 17-12. Etter dette aukar Dale aggressiviteten i forsvarsspelet sitt og et seg dessverre sakte, men sikkert inn i kampen. I denne perioden dett vi litt for mykje nedpå bakover og slepp til både skudd utanfrå og frå linja. Frå rundt det 10. minutt av 2. omgang er det heilt jevnt og laga følgjer kvarandre som skyggar. 

Etter 15 minutt er Dale oppe i ledelsen for første gong. Ein skulle tru at dette kunne velta lasset og trua på at dette kunne gå, men ikkje med denne gjengen denne tirsdags kvelden! Vi tar umiddelbart tilbake ledelsen. Kampens siste 10 minutt ber preg av at begge lag missar på sjansane sine i angrep. Vi ledar 25-24 når vi etter 23 minutt får ein 2 minutter utvisning med under 2 minutt igjen å spele. Med ein spelar mindre resten av kampen gjer vi ein formidabel jobb bakover. I tillegg får vi ein dobbeltredning på eitt av Dale sine siste angrep, som er heilt avgjerandre for at vi kjempar for eit resultat til siste slutt. Med eit halvt minutt igjen er vi på uavgjort og har muligheten til å avgjere det heile, men nølar litt for mykje med å avslutte når sekunda tikkar mot sluttsignalet og dermed ebbar det ut i uavgjort. 

Alt i alt kan vi være kjempefornøgde med dette.  Det mest imponerande med denne kampen er den roa vi viser mot så god motstand. Ein utruleg god kamp av alle. Samspelet er solid, og stadig fleire spelarar melder seg på både framover og bakover. I tillegg har vi ein solid keeper som spelar ein kjempekamp! Med sine 13 redningar er ho heilt avgjerande for det poenget vi får, der fleire er 100 % redningar i tillegg til 2 dobbeltredningar. Det viktigaste av alt med handball er at det skal vere kjekt, og det var det definitivt i dag! 

HEIA FØRDE!

 

Tekst: Eivind Stølen foto: Sissel Bruland Gurvin.



Det nye styret er i gang

Postet av Førde IL - Handball den 15. Mar 2022

Tysdag kveld var det nye styret i Førde Il Handball samla for første gong. Den nye leiaren, Rune Øksenberg, og dei to nye i styret, Ingvill Hafstad og Randi Bekken, fekk ei oppdatering om stoda i klubben av avtroppande leiar Geir Eikås. 

Rune Øksenberg er svært spent på dei utfordringane som vi står framfor og varsla at han vil gjere det han kan for at vi skal nå dei måla vi har sett oss. Han tek iallfall over eit lag med solid økonomi, medan det er ting å ta tak i reint sportsleg.

På møtet skisserte Øksenberg korleis han ser for seg at styrearbeidet skal fordelast. Fram til neste møte skal styremedlemmene tenke over kva ansvarsområde dei helst vil jobbe med. Det neste møtet blir alt torsdag 23. mars, og då skal oppgåvene fordelast.

På biletet ser vi frå venstre Kjell Arvid Stølen (styremedlem), Rune Øksenberg (leiar), Randi Bekken (styremedlem), Merethe Solheim Klakegg (nestleiar), Oddny Sønnesyn (sportsleg leiar), Halvard Seljesæther (styremedlem) og Ingvill Hafstad styremedlem). Med i styret er også Laila Tefre.




Heim frå Bergen utan poeng

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mar 2022

Bortekampen mot Årstad var ein av dei kampane der Førde hadde visse håp om poeng, men slik gjekk det ikkje. I Haukelandshallen trekte heimelaget det lengste strået og vann 27-20 etter å ha leia12-10 ved pause.

Og det starta ikkje særleg bra for Førde. Ikkje eit einaste mål i Årstad-buret dei første ti minutta, medan heimelaget hadde fått inn fire.  Det retta seg etter ein timeout, då sette Oda Vindheim (biletet) inn tre mål på rappen. Men nærare enn eitt mål bak kom ikkje våre jenter. Til pause var dei to bak, absolutt ikkje håplaust. 

Men Årstad scora dei to første måla også i andre omgang, og avstanden var fire og fem mål dei første ti minutta. Og etter at Martine Vindheim hadde redusert til 19-15, sette Årstad inn fem mål utan at Førde greidde å kvittere, og då var avstanden brått åtte mål. Denne perioden vart avgjerande for kamputfallet.

Førde hadde ein god periode mot slutten av kampen, då to mål av Oda og eitt av Martine reduserte leiinga noko, men Årstad prikka inn dei to siste måla og vann med sju.

Måla til Førde vart scora av Oda Vindheim 8, Martine Vindheim 5, Ingrid Sofie Indrebø 2, Maria Ullebust Oppedal 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Berenice Halvorsen 1 og Oda Hage Lambrechts 1.



Rune er den nye leiaren vår

Postet av Førde IL - Handball den 3. Mar 2022

På årsmøtet onsdag 2. mars vart Rune Øksenberg vald til ny leiar i Førde IL Handball. 

- Eg sa ja etter å ha tenkt meg om ein dag, fordi eg ser på det som ei interessant oppgåve. Eg har ei dotter som spelar handball, og eg ser at handballen har eit fantastisk godt tilbod til dei unge. Difor vil eg bidra litt tilbake. Eg vil vere med på å styre retninga for Førde IL Handball, prøve å få damelaget opp på øvre delen av 2. divisjonstabellen, samstundes som vi syter for å ha god breidde og god rekruttering, seier den nyvalde leiaren.

Rune er sjef på OBS Bygg i Førde, og er familiemann med kone og to born.

Han overtek som leiar etter Geir Eikås, som sa frå seg attval. Det same gjorde Sissel Bruland Gurvin. Dei to har gjort ein kjempejobb dei to siste åra med å rette opp økonomien i Førde IL Handball. Frå å ha ein negativ eigenkapital på ein halv million for to år sidan, kunne dei på årsmøtet presentere ein rekneskap med over ein halv million i overskot, og med ein positiv eigenkapital på over 800.000 kr. Ein del av dette skuldast mindre utgifter som fylgje av koronapandemien, men også svært mykje målretta og nøktern økonomistyring, og godt arbeid med å gjere nye avtalar med sponsorane våre.


Geir og Sissel vart takka av med velfortente blomsterbukettar på årsmøtet i Hafstadparken. Ut av styret går også Henrik Nordal. Han var ikkje til stades på årsmøtet.

Det nye styret i Førde IL Handball er i tillegg til leiar Rune Øksenberg samansett slik: Merethe Solheim Klakegg (nestleiar), Laila Tefre, Harald Seljesæther, Kjell Arvid Stølen, Ingvill Hafstad (ny) og Randi Bekken (ny).

Om du vil lese årsmeldinga til Førde IL Handball, kan du gjere det ved å klikke på denne lenka: https://1drv.ms/w/s!Avlssd7PJfydqmc-GMoRwlXdpU0A?e=nXUnVd



Bli med og ta eit tak!

Postet av Førde IL - Handball den 25. Feb 2022

Leiar Geir Eikås oppmodar folk om å ta på seg verv for å gi dei unge det handballtilbodet dei fortener.

Det nærmar seg årsmøte i Førde IL Handball, og då er det ein del av dei som har vore med i styre og stell ei stund som takkar for seg. Dermed er det trong for nye kostar. 

- Dessverre slit vi med å finne folk som er viljuge til å ta på seg styreverv og andre roller i handballgruppa, seier leiar Geir Eikås. Det finst heilt sikkert ressursar i foreldregruppa.

- Eg oppmodar folk om å melde seg. Ved at du er med, får vi eit breiare og betre tilbod til ungane våre, seier han.

Dei som vil vere med og ta eit tak kan ta kontakt med Geir eller leiaren i valkomiteen, Rolf Sanne-Gundersen. Dei kan og møte opp på årsmøtet i Hafstadparken onsdag 3. mars klokka 19.00.


Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Endeleg: To poeng og over streken

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2022

Endeleg fekk dei spele handball igjen, og endeleg vart det to poeng. I ein kamp der Førde svinga litt i kvalitet vart det til slutt ein komfortabel åttemålssiger over Nærbø i Førdehuset. I det første kvarteret gjekk det aller meste heimelaget sin veg, leiinga var på det meste 14-4. Men så gjekk det trått dei siste ti minutta av omgangen, og Nærbø kom nærare. Til pause stod det 16-10.

Maria Ullebust Oppedal, som eigentleg har gitt seg med handball og flytta til Bergen, var henta inn for å bidra med sin rutine, og det gjorde ho. I starten av andre omgang sette ho inn to viktige mål. på eit tidspunkt då det såg ut til at Nærbø ville kome endå nærare. Mot midten av omgangen kom ein ny downperiode for heimelaget, og leiinga vart knappa inn til fire mål. Men frå då av var det ikkje tvil. Til slutt stod det 28-20 på måltavla.

Veslemøy Risnes Kjønås vart kåra til beste Førde-spelaren i denne kampen. I tillegg til sju mål gjorde ho ein kjempeinnsats som toar i forsvar. Ikkje verst av ei jente som nett har kome ut av sjukesenga etter å ha hatt  korona. 

I mål stod Andrea Boge Solås i periodar som ein levande vegg, og kaptein Oda Vindheim var som vanleg eit konstant trugsmål for Nærbø-forsvaret.

Olea Håland vart kåra til beste spelaren på Nærbø.

Måla til Førde vart scora av: Oda Vindheim 7, Veslemøy Risnes Kjønås 7, Berenice Olga Halvorsen 5, Maria Ullebust Oppedal 4, Martine Vindheim 3, Amalie Haugsbø Næss 1 og Oda Hage Lambrechts 1

  • Siste timeout: Trenar Øyvind Fougli Vraalsen manar spelarane til å blø for drakta og poenga.



    No er Førde oppe på fem poeng og ligg over nedrykksstreken. Men det er langt fram før vi eventuelt kan juble for fornya kontrakt. Først i slutten av mai går siste kampen i serien.
    Her er kampdatoane til Førde: 
  • 26.2: Stavanger-Førde
  • 27.2: Ålgård 2-Førde
  • 5.3: Gneist-Førde
  • 13.3: Årstad-Førde
  • 26.3: Førde-Tertnes
  • 9.4: Fyllingen-Førde
  • 23.4: Førde-Hinna
  • 30.4: Førde-Åsane
  • 1.5: Førde-Viking
  • 15.5: Kjøkkelvik-Førde
  • 28.5: Førde-Gneist

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen. 



Klart for årsmøte

Postet av Førde IL - Handball den 17. Feb 2022

Alle medlemmer er velkomne til å verre med på årsmøtet i Førde IL Handball. Det blir avvikla klokka 19 onsdag 2. mars 2022 i Hafstadparken.

Vanlege årsmøtesaker.


Hjarteleg velkomen!


Styret v/ leiar Geir Eikås



Hurra! Snart kan vi spele kampar igjen

Postet av Førde IL - Handball den 1. Feb 2022

Endeleg kom beskjeden frå regjeringa som handball-Norge har venta på: Seniorlaga frå 2. divisjon og nedover kan igjen få trene normalt og spele kampar. 

- Dette må vi seie eit stort hurra til. No gler vi oss til å få kome i gang att med sesongen og forhåpentlegvis berge plassen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Men før det skjer, må det trenast. Dei første kampane i 2. divisjon skal gå helga 19. og 20. februar. Førebels veit vi ikkje kven vi møter når, for heile terminlista må settast opp på ny.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Maria er med att - hjelper gamle lagvenninner

Postet av Førde IL - Handball den 19. Jan 2022

Maria Ullebust Oppedal. Foto Stig Roger Eide.

Den tidlegare kapteinen vår stiller opp og hjelper Førde i kampen for å sikre plassen i 2. divisjon. Maria Ullebust Oppedal flytta til Bergen i 2021. Der jobbar ho no på PPT. Ho har ikkje spelt handball, men ho har halde formen ved like, og no håpar ho å kunne bidra til at laget i hjarta hennar kan ta dei poenga som trengst.

- Eg vart kontakt av både sportsleg leiar Oddny Sønnesyn, trenar Øyvind Fougli Vraalsen og Odd Erik Gullaksen. Eg sa til dei at eg ikkje veit kor mykje eg kan bidra med, men eg er i fysisk god form, eg trenar på treningssenter, og eg spelar squash og paddle tennis.

Trenar med rival

No har ho fått innpass på treningane til eitt av dei laga Førde kjempar mot for å unngå nedrykk.

- Eg var på trening med Årstad i går, og det var veldig kjekt. Både trenaren og spelarane syntest det var heilt greitt, men dei fleipa med at dei ikkje kunne vise meg alle triksa dei har.

Førebels veit vi ikkje når det kan bli kamp igjen. Det er det styresmaktene som avgjer. Slik tabellen er no ligg Førde på nedrykksplass, men det er ikkje så mange poenga som skal til for å kome på trygg grunn.

- Det blir iallfall spennande, seier Maria, som gler seg til å aksle Førde-trøya igjen.

Martine Vindheim. Foto: Kjell Arvid Stølen.

 - Litt vanskeleg val

Det er også gledeleg at lynvingen Martine Vindheim har bestemt seg for å spele for Førde ut sesongen. Ho bur også i Bergen, der ho trenar med Gneist. Dermed hadde det vore freistande for ho å melde overgang dit, men ho vil også vere med på den dugnaden det er å sikre fornya kontrakt for Førde.

- Det var eit litt vanskeleg val, det hadde vore meir optimalt for meg å spele for eit lag her i Bergen, men eg har bestemt meg for å gjere mitt for at Førde skal greie seg, det er det som er håpet.

Ho håpar at Førde greier å stille med så sterkt lag som mogeleg iallfall i dei viktigaste kampane.

- Det blir dei kampane der det er mest realistisk å ta poeng, det vil seie mot dei laga vi var på høgde med i haustsesongen og som ligg nær oss på tabellen.

- Veldig kjekt

Det at Maria og Martine blir å finne i kvit drakt resten av sesongen gir resten av laget ein skikkeleg boost, seier kaptein Oda Vindheim.

Både eg og heile spelargruppa synest at det er veldig kjekt at dei blir med. Vi veit at mange av spelarane frå samarbeidsklubbane våre av ulike årsaker ikkje kan bidra like mykje no etter nyttår, så at Marie og Martine blir med ser eg utelukkande på som positivt. Dei har i tillegg god erfaring frå høgare nivå. Det gjer at dei veit kva som krevst, og dei kan sette ein standard som eg trur vil verke godt inn på dei andre spelarane.

- Ulempa er at dei ikkje kan trene med oss. Men dei trenar med lag i Bergen, og på bakgrunn av erfaringane dei har, er vi trygge på at dette skal gå fint. Det styrker iallfall håpet om at vi kan halde oss i 2. divisjon, seier Oda.

Kaptein Oda Vindheim. Foto: Kjell Arvid Stølen.

 Tekst: Kjell Arvid Stølen.



Dei yngste får spele - damene må vente

Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2022

Jenter 11 kan snart spele kam igjen, medan damene må vente.

 

Regjeringa har letta på koronarestriksjonane for idretten, og det gjer at dei  som spelar aldersbestemt handball kan kome i gang att med kampar. Men i seniorklassane er det berre 1. divisjon som har fått klarsignal. Det betyr at damelaga våre i 2. divisjon og 4. divisjon må vente på neste eventuelle endring i restriksjonane.

Dette er kjipt, seier sportsleg leiar i Førde IL Handball, Oddny Sønnesyn.

- Det pågår forhandlingar mellom NHF og helsestyresmaktene om at 2. divisjon kan kome i gang att, så førebels ventar eg og ser kva det fører til. Men det er kjipt og etter mi meining feil på noverande tidspunkt å ikkje la vaksne trene som normalt. Men må vi vente, så må vi det.

Når dei eventuelt får klarsignal, må det trenast i to veker før dei spelar kamp igjen.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Øyvind Fougli Vraalsen får ikkje sjå laget i kamp på ei stund.

 

Det uroar handballpresident Kåre Geir Lio at det berre er dei to øvste divisjonane på seniornivå som har grønt lys.

At ein stor del av laga på seniornivå framleis må vente på å trene som normalt og spele kampar, bekymrar oss. Denne gruppa har vore veldig skadelidande gjennom heile pandemien. Til sjuande og sist handlar dette om folkehelsa, både den fysiske og mentale. Det skuffar meg at politikarane ikkje prioriterer langsiktig tenking, sier Lio til Handball.no.

Alt i morgon kan Førde sine G14 og G16 spele seriekampar, begge borte mot Gloppen. Søndag 16.1. skal G10 spele mot Florø og Florø3 i Førdehuset og G16 borte mot Gloppen 2. 

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Kjerstin er i gang att

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2022

Kjerstin Boge Solås er omsider klar for seriespel for Byåsen, etter ein marerittaktig serie av skadar. Jenta frå Dale, som nett fylte 24 år, har vore innpå i tre seriekampar til no. Det har resultert i to mål (og ein tominuttar), og det beskjedne talet på scoringar fortel mellom anna at ho blir matcha svært varsamt enno.

- Eg har eit maks tal minutt eg får lov å spele i løpet av kampen. Det er litt rart og framleis mykje nerver, men det kjennest bra ut. Eg får gode tilbakemeldingar frå trenaren, men det er alltid ting og detaljar å jobbe med.

- Blir det mest forsvarsspel på deg?

- Nei, eg spelar like mykje begge vegar, slik det er no.

Det har gått fem år sidan ho som tidenes yngste debutant på kvinnelandslaget var med på å ta gull i EM i Sverige. Då var ho enno ikkje fylt 19 år. Ho spelte jentehandball i handball i Dale, før ho fekk prøve seg på eit høgare nivå i Førde. Deretter gjekk turen til Bergen og Tertnes, før ho prøvde seg som utanlandsproff i Ungarn. Det var der skademarerittet starta, og Kjerstin vende nasen heimatt til Norge. 

Byåsen vart den neste klubben, men alt i oktober 2020 var det klart for ny skade og eit halvt år med opptrening. No, godt og vel eitt år seinare, håpar ho at knea held, slik at ho igjen kan spele ein sentral rolle i norsk handball.

Då Byåsen slo Follo 30-27 søndag var ho ei av dei trenaren sende på bana frå starten av andre omgang. Då snudde trønderane 11-13 til 16-16 på få minutt, og det enda med to poeng.

Tekst; Kjell Arvid Stølen. Foto: Lars Skaug.



Vi planlegg framtida

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2022

Styreleiar Geir Eikås leia møtet.

Måndag 10. januar var styret i Førde IL Handball, sportsleg utval og nokre av trenarane samla på Sunnfjord Hotell for å diskutere framtida. Trass usikre tider med pandemi og stans i kampaktiviteten må det leggast planar. Møtet var ein første start på ein prosess der vi skal stake ut kursen framover.
Det vart konstatert at vi har god rekruttering i dei aller yngste årsklassane, både blant gutar og jenter. Utfordringa er å minske fråfallet når spelarane blir eldre. Her handlar det om å gjere det så attraktivt og kjekt å drive med handball at fleire vel med å bli med heilt opp på seniornivå. Eitt verkemiddel er betre samarbeid med andre idrettsgreiner, slik at dei som driv i fleire greiner ikkje blir pressa til å velje bort den andre i for tidleg alder.
Det var semje om å gjere det vi kan for at damelaget skal halde seg i 2. divisjon. Det kom mange gode innspel på møtet. Planen skal no opp på styremøtet i februar.